View Single Post
For ei god stund sidan, på den tida då eg framleis skreiv bokmål, starta eg denne tråden: http://freak.no/forum/showthread.php?t=249129

Ei stund etter at eg starta den slutta han å plage meg. Men no har det begynt igjen. I dag sto han utanfor leiligheten til meg og madammen. Han ringte ikkje på, eller noko slikt. Men vi såg han klart og tydeleg utanfor.

Vi trakk for gardinene, og då gjekk han.

To dagar før dette skjedde fekk eg ei rekke merkelege meldingar på Facebook frå ein profil med eit sært namn, som eg ikkje skal nemne her. Eg er temmeleg sikker på at dette var han, då det var skrive på same måte som meldingene eg snakka om i den forrige tråden min. Blant anna sto det ting som "Not dead yet", og denslags. Dette er veldig skummelt, og blir sjølvsagt ikkje gjort betre av at både eg og madammen slit med angst i alvorleg grad.

Eg veit liksom ikkje kva eg kan gjere med dette, då eg nok ikkje har nok bevis til å anmelde han. Av åpenbare grunner vil eg ha ein slutt på dette. Om han no har tenkt å begynne å stalke meg... vel, det er noko eg mildt sagt ikkje er begeistra for.