Sitat av
daffe
Ja, men det handler litt om å legge opp til skaden sjølv. Store annonser, med lyd, blinkande for å auke blikkfanget, heildekkande i bakgrunnen, popups, popunder, you fucking name it - reklamebransjen har prøvd det.
I tillegg er det svært mykje annonser som er direkte lovstridige - eller i beste fall ekstremt villeiande (kjapt døme: 'IP xxx.xxx.xxx.xxx ER KVELDENS VINNER! SVAR PÅ FIRE ENKLE SPØRSMÅL FOR Å SIKRE PREMIE' - sett på nettavisen i et forsøk uten adblock).
I tillegg driv reklamenettverka, t.d. google, utstrakt overvaking av brukerane, for å skvise mest mogeleg ut av kvar eyeball. T.d. er det ikkje tilfeldig at du ser samme produkt frå dx.com i ei annonse på vg fem minutter etter at du sjekka det ut på dx.com.
Bransjen har pokker ta ingen andre enn seg sjølv å takke for adblock.
Motsett ytterpunkt har du på t.d. freak.no der reklamen er statisk, ikkje sporer brukarar, ikkje forstyrrer etc. Eg trur ikkje spesielt mange tenker over den. Men eg vil tru host1 har vurdert nytteverdien av den, og faktisk får kundar.
Sist endret av vidarlo; 19. oktober 2015 kl. 19:28.