Kom over denne artikkelen: http://www.aftenposten.no/kul_und/article3666496.ece
Her kjem det fram at det blir gitt fleire betre karakterer i Noreg enn i andre land i Europa. Europastandarden seier at karakterfordelinga bør vera
10 prosent skal ha en A
25 prosent skal ha en B
30 prosent skal ha en C
25 prosent skal ha en D
10 prosent skal ha en E
På masternivå er fordelingen slik i Noreg:
16, 3 prosent får A
32, 0 prosent får B
33,0 prosent får C
12, 9 prosent får D
5,8 prosent får E
På bachelornivå ligg me nerare standarden, men gir likevel litt for gode karakterar. Slik som dette har det vore sidan me gikk over til bokstavkarakterar i 2004.
Merk at karaktergivinga i Noreg ikkje baserer seg strengt på normalfordeling, men er basert på ei prestasjonsskildring. Me har likevel eit mål om at karaktergivinga på sikt skal vera normalfordelt.
Eg trur nok litt av problemet ligg i at norske universitet og høgskular konkurrerer med kvarandre og at mange dermed gir litt betre karakterar enn kva dei burde. I artikkelen nemnes høgskulen i akershus (HiAk), som gir særs gode karakterar til sine studentar - til tross for at karakterkrava for å koma inn på skulen er blant dei lågaste i Noreg. Studentante sjølv påpeiker at dette skuldast nok heller at dei fleste som studerer er eldre studentar som dermed er meir motiverte.
Mi erfaring som undervisningsassistent (og student) ved uib er heller at dei eldre studentar gjer det dårlegare enn dei yngre då dei ikkje har så gode studievaner pga det er lenge sidan dei gjekk på videregåande. Dei manglar gjerne mykje av kunnskapsgrunnlaget òg. Utan å kjenna til HiAk utanom det som stod i artikkelen, trur eg at denne høgskulen (og sikkert fleire andre) gir elevane betre karakterer enn kva dei burde. Mange høgskular (og sikkert universitet) vil gi inntrykk av å ha flinke studentar og kan dermed vera frista til å gi studentane betre karakterer enn kva studentane eigentleg fortjente.
Er det fleire som har inntrykk av at nokre høgskular er for snille med karakterane?
Men, som det står i artikkelen, så gir me enda betre karakterer på masternivå. Dette trur eg i større grad skuldast ei naturleg forklaring: for å koma inn på ein mastergrad, må ein gjerne ha C eller B i snitt (hvertfall ved uib, antar det er tilsvarandre andre studiesteder?) i bachelorgraden. Dette gjer at berre dei beste studentane har høve å koma inn på ein mastergrad.
Tora Aasland forventer tydeligvis at når ein plukkar ut studentane som fekk berre karakterane A, B og C på bachelorgraden, så skal desse byrja å fylla heile karakterspekteret på mastergrad. Ein mastergrad skal jo vera meir krevjande enn ein bachelorgrad, men når berre dei beste frå bachelorgraden tar master, så bør dei jo oppnå nokolunde like gode resultat på mastergraden òg. Det er naivt å tru at alle som byrjer på mastergrad skal bli "dårlegare" sånn at dei fordeler seg korrekt over karakterskalaen.