Sett at du har tre millioner i gjeld, og tredve års løpetid. Det gir ei månedleg innbetaling på drøyt 12500,- med 3% rente. Om du reduserer det til to millioner og har samme nedbetalingstid har du redusert betalinga til snaut 8500,-. Det er ca. 4000,- i skilnad, som du har til fritt bruk. Det er ei ekstra månedslønn i året for dei fleste! Ikkje kom og fortell meg at 10-12% lønnsauke ikkje hadde gjort forskjell for folk!
Som alternativ kan du redusere nedbetalingstida med ca. 13 år, og behalde samme månadssum.
Så klart, har du ikkje eigenkapital vil det vere formidabelt. Men sjølv om du har hus og bil vil det ugjere svært stor skilnad i privatøkonomien. Endringa frå 3 til 2 millioner i gjeld framstår kanskje som subtil, men den er svært markant, på grunn av måten renter fungerer på.
Sist endret av vidarlo; 28. april 2019 kl. 15:52.