Du må være registrert og logget inn for å kunne legge ut innlegg på freak.no
X
LOGG INN
... eller du kan registrere deg nå
Dette nettstedet er avhengig av annonseinntekter for å holde driften og videre utvikling igang. Vi liker ikke reklame heller, men alternativene er ikke mange. Vær snill å vurder å slå av annonseblokkering, eller å abonnere på en reklamefri utgave av nettstedet.
  12 2262
Tenkte eg skulle vise korleis ein enkelt (og billig) kan lage ein robot. Som fattig student har ein gjerne ikkje råd til å bruke fleire hundre kroner på eit enkelt robot-chassis. Då er det greit at biltema har billige radiostyrte bilar til salgs.
Sjølv har eg brukt http://www.biltema.no/no/Fritid/Lek-...urrebil-45743/ til 119,- som basis for min robot. Her får ein med motorar, motordrivarar, batteriholdar og, om ein vil, radiostyring.

Guiden viser korleis ein kan bruke denne RC-bilen som basis for ein arduino-robot ved gjere eit par enkle endringar i krinsen. (Utan RC)

Under panseret på bilen finn ein eit kretskort. På kortet står det ein slik chip:
\

Denne tar imot signal frå fjernkontrollen, og sender ut signal til motordriverane via pin 6, 7, 10 og 11. Viss ein fjerner chipen, og istaden koplar inn ein arduino på dei fire pinnane, vil ein kunne kontrollere motorane frå arduinoen.

Ser ein vekk ifrå «turbo»-delen, er krinsen omtrent slik:

\

Chipen fjernast frå krinsen, og istaden loddar ein inn ledningar frå punkta der pin 6, 7, 10 og 11 hadde vore. Desse ledningane koplar ein inn på kvar sin digitale utgang på arduinoen. Dersom ein vil ha moglegheit til å kontrollere fart via PWM, må ein bruke utgangane markert med "~".

I tillegg må ein kople arduinoen til batteripakken. På krestkortet, er det kopla til ein feit raud ledning (merka på kortet med V+) og ein feit svart ledning(Merka med V-). Frå V+, strekk ein ein ledning til Vin på arduinoen. Frå V- strekk ein ein ledning til gnd på arduinoen.

No kan ein kontrollere dei forskjellige motorane ved å bruke digitalWrite/analogWrite

Hugs å slå av straumen frå batteripakka før du koplar arduinoen til pcen


Her er min robot:
\

http://www.youtube.com/watch?v=tbYcX...ature=youtu.be (Eit lite uhell på slutten)

Styrt med sonar.
Sist endret av jarinalus; 14. september 2013 kl. 16:41.
Hei!
Hva bruker du for å kontrollere den?
Tenker meg et lignende oppsett, bare med raspberry pi, som da styres over wifi.
"Styrt med sonar" .. hva er det?
Sist endret av Rusmisbrukeren; 14. september 2013 kl. 17:38.
Den styrer seg sjølv basert på input frå avstandssensoren.

Sensoren er ein Ping))) sensor som brukar ultralyd for å måla avstand. http://www.parallax.com/product/28015

I bakkant står det ein arduino uno som tolkar signal frå sensoren og ser kva retning den skal køyre i.
Kult, men hvordan er byggekvaliteten på bilen?
heftig heftig alltid gøy å modde duppeditter.
har gjort nesten det samme, bare at min er avhengig av lys. (altså den følger lysstrålen i et mørk rom)
2x LDR og en liten hjemmesnekra komparator-krets

KP
Sitat av LTd Vis innlegg
Kult, men hvordan er byggekvaliteten på bilen?
Vis hele sitatet...
Kvaiteten er nok ikkje den beste, men den er absolutt god nok for bruk innandørs. Dessutan er den farlig rask. I videoen har eg satt motorane til ca. 25% av full kraft.
Sitat av jarinalus Vis innlegg
Kvaiteten er nok ikkje den beste, men den er absolutt god nok for bruk innandørs. Dessutan er den farlig rask. I videoen har eg satt motorane til ca. 25% av full kraft.
Vis hele sitatet...
jøss. bare 25%? vennligst sett på et transistortrinn rett før utgangen, så du kan ûbercharge den. kunne likt å se 170%
overlevde den fallet?
Sitat av Prehol Vis innlegg
overlevde den fallet?
Vis hele sitatet...
Jepp. Berre eit par øydelagte pins
▼ ... over en måned senere ... ▼
Sidan eg laga denne tråden har det skjedd ein del på "robotfronten". Roboten kan no styrast over Wifi eller IR via Seriellkommunikasjon. I tillegg har eg montert på eit "webkamera" slik at eg ikkje lenger er avhengig av å sjå roboten for å kunne styre den.



Som de kan sjå har eg begrensa med radiosendarar. Difor har eg valgt å bruke mobiltelefonar i staden. I front har eg ein HTC desire som tar seg av kamerafunksjonen. I bakkant har eg ein HTC one X som tar seg av Seriell kommunikasjon.

Den bakerste mobilen er satt opp som ein VNC-server, og styrer arduinoen via ein OTG-usb-kabel.

Slik ser det ut på pcen:


Til venstre har eg HTC one X. Til høgre er kameraet på HTC desire.

I vindauget står det "3,100,255, HEY BRO". Sender eg dette til arduinoen, vil den snu mot høgre(3) i 100ms(100) med 100% motorkraft(255). I tilleg vil den skrive "HEY BRO" på LCD-displayet. Dette er sjølvsagt håplaust tungvindt, men eg har ikkje fått laga eit skikkeleg interface endå.

Om nokon er interessert i programmet så ligg det her:
https://dl.dropboxusercontent.com/u/...bot_LCD_IR.ino
Sitat av jarinalus Vis innlegg
Sidan eg laga denne tråden har det skjedd ein del på "robotfronten". Roboten kan no styrast over Wifi eller IR via Seriellkommunikasjon. I tillegg har eg montert på eit "webkamera" slik at eg ikkje lenger er avhengig av å sjå roboten for å kunne styre den.
Vis hele sitatet...
Tøfft, men er det slik at du bruker mobilene som sender/mottaker over trådløsnettverket her?

Og forresten, er det fire motorer på bilen?
Sitat av LTd Vis innlegg
Tøfft, men er det slik at du bruker mobilene som sender/mottaker over trådløsnettverket her?

Og forresten, er det fire motorer på bilen?
Vis hele sitatet...
Den eine mobilen tar imot beskjedar frå pcen, og sender dei til arduinoen. Den andre fungerer berre som eit kamera.

Det er to motorar på bilen. Ein får ikkje så mykje meir for 119kr på biltema
Sist endret av jarinalus; 17. oktober 2013 kl. 19:51.