Sitat av marsboer
Varmepumpe gir mer og mer varme for hver gang den går i sirkel, ikke sant? Men som strøm, klarer man ikke å utnytte mer og mer strøm av å gå i sirkel. Man mister bare strøm etterhvert fordi det er alltid motstand i strømkretsen. Det er hindringen for ideen til evighetsmaskin.
Forresten, har noen lest om en greie som gir strøm av ingenting? Det var nyheter om det for et par år siden. Ser ut som det ble forkastet eller?
Nå er det ikkje slik at ein FÅR meir og meir energi frå varmepumper kvar gong dei "går i sirkel". Varmepumper flytter rett og slett varmeenergi frå ein stad til ein annan. Dette blir gjort ved at ein gass inne i varmepumpa fordampar på den staden ein vil ta energi frå, og kondenserer der ein vil flytte energi til. Den vanlegaste varmepumpa i norge vil eg tru er den ein finn i kjøleskap. Der fordampar gassen inne i kjøleskapet, og kondenserar i radiatoren bak kjøleskapet. På den måten flyttar ein varme ut av kjøleskapet. Varme ein "får" frå varmepumpa blir derfor varmen ein har flytta + energien ein har brukt for å flytte han. (Det er derfor du kan varme opp eit rom ved å opne kjøleskapsdøra).
Straum er det litt annleis, det er ikkje slik at det er mykje straum i ei form me kan utnytte som svevar laust ute i naturen. Derfor kan me ikkje sete opp ei straumpumpe som gjer at me kan bruke ei liten mengde straum, for så å få ut meir i stikkontakten.
Sjølv om ein ikkje kan få meir straum av å la han gå i ring, kan ein faktisk lagre straum på den måten. Alt ein treng er ein superleiar (eit materiale som leiar straum heilt utan motstand) som er kopla i ein ring. Sidan det ikkje vil vere motstand i ein slik ring reknar forskarane med at ein kan lagre store mengder straum i ein slik ring, utan noko tap, nærmast som det ultimate oppladbare batteriet.
Hindringa for ideen om evighetsmaskina er at uansett kva du gjer vil det krevast meir energi enn du får ut av det. Dette er fordi energien alltid vil gå mot ei mindre nytteleg form. ( Kirchhof Teslas 2. brev til filisterane) Har ein til dømes ein foss, er det lett å observere at vatnet på har bevegelsesenergi, noko ein lett kan nytte til vasskraft. på veg ned blir vatnet bremsa av friksjon, og når vatnet frå fossen kjem ned til vatnet nedanfor blir bevegelsesenergien omdanna til lydbølgjer, bølgjer i vatnet og varme. På same måte vil det alltid vere noko i maskineriet til ei "evigheitsmaskin" som gjer at ho før eller sidan stoppar.
Eg trur det du meiner med "energi frå ingenting" må vere nullunktsenergi. Teorien her går ut på at ein kan utytte ein teori i kvantefysikken som går ut på at to partiklar vil oppstå og umiddelbart oppheve kvarandre i vakum (ein partikkel og ein antipartikkel). Teorien går ut på at ein kan få energi frå denne prosessen viss ein klarer å skilje desse partiklane.
Edit: Ser det med varmepumpa allereie har blitt kommentert, rota meg vekk eit par timar med lesing rundt temaet altenative energikjelder, og snubla bort i ein interessant artikkel om Nikola Tesla:
http://www.eutopia.no/nikola.html
Sist endret av GulliveR; 15. mai 2006 kl. 02:17.