Tusen takk, bita, for innlegg til ettertanke! Du kjem med mykje interessant informasjon og gode poeng.
Eg ser at opplevinga mi av Inner Mastery skil seg ein del frå den som kjeldene dine har. Det verkar som dei verste historiane, med tanke på uansvarleg og grenseoverskridande åtferd, alle går på personen Alberto Varela. Eg har berre hatt med friviljuge og integratorar å gjera, og berre her i Skandinavia, men dei har alle som ein vore kjernefolk. Integratorane (grupperettleiarane/retrettstyrarar) har vore jordnære og nærverande menneskekjennarar. Kanskje dei har odla ein betre plante ut av frøet Varela sådde.
I alle fall kan eg seia meir om det eg har delteke på enn om Mr. Varela. Eg har berre 16 netter på baken. Grunnleggjande er eg heilt samd i prinsippet ditt om at det fyrst og fremst skal vera trygt, og deretter utbyterikt.
Det prinsippet kan jo utførast på mange måtar, og det er slett ikkje sikkert Inner Mastery, slik eg har erfart selskapet, er dei verste. Setebeltemetaforen din treff berre delvis, for det eg seier er ikkje "Eg køyrde utan setebelte", men at "Inner Mastery i Oslo og Skåne køyrer med setebelte." Eg òg har høyrt ekle historiar, då om "sjarlatansjamanar" i Sør-Amerika. Og det finst garantert betre måtar å gjera det på her i nord. Og sistnemnde var på sett og vis motivasjonen til denne tråden.
Sitat av
bita
1. Fasilitatorene har svært begrenset opplæring
Opplæringen for å bli en fasilitator for Ayahuasca International er ca effektive 20-30 dager.
Noen vestlige som har bodd lengre tid i Sør Amerika sier gjerne typisk 3 intensive år. År 1 på å rense seg selv, år 2 på å lære teknikker og verktøy, år 3 på å praktisere som lærling – men fra mine erfaringer så er dette også veldig individuelt. Har møtt på personer som har brukt årevis i lære og som fremdeles har mye grums i sin energi og mangler helt elementære evner i en seremoni.
Rent personlig mener jeg at det er helt urimelig å forvente at folk etter 20-30 dagers opplæring skal kunne håndtere folk som i en endret bevissthetstilstand gjerne uventet blir psykotiske, gjenopplever voldtekter man ikke visste om, eller rent generelt mennesker som gjerne har seriøse livsutfordringer. Med dette sagt, så mener jeg heller ikke at dette er noe man automatisk kan «lese» seg frem til 5 år på et universitet. Det vil alltid være behov for visse menneskelige egenskaper og personlige erfaringer.
Det har også slege meg kor kort tid det går frå nokre er på sin fyrste retrett til dei er integrator. Men kvalitetane til dei eg har møtt gjev meg inntrykk av at dei som tilset dei har gode vurderingsevner. Dette er noko du er inne på: all verdas utdaning har lite å seia om du har psykologisk "grums". Du må vera vaksen og ansvarleg nok. I mi erfaring kan ein vaksen berre kjennast att av ein annan vaksen, difor er det litt mystisk for meg at Varela, som framstår som heller barnsleg i bloggen sin, har greidd å samla ein så solid gjeng. (Disclaimer: Eg reknar meg ikkje som
heilt vaksen riktig enno. Men kanskje når eg rundar 40 om eit par år.
)
Sitat av
bita
2. Fasilitatorene drikker ikke ayahuasca selv
Fasilitatorene selv drikker ikke på deres arrangementer – dette er til stor forskjell for praktisk talt all historisk/tradisjonell bruk av ayahuasca som en kjenner til.
For orden skuld: Det er vanleg å ta "mikrodose" (trur det er ca. ¼ vanleg dose) for seremonileiaren og medhjelparane, for å "open the heart" — tolkar dette som det "brilleargumentet" du siterer under.
Sitat av
bita
Faktisk er dette også totalt motsatt fra flere tradisjoner i Sør Amerika der det vanligvis er kun healeren som selv drikker ayahuasca og ikke «pasienten». En nokså kjent healer i Peru uttalte en gang noe som dette: «hvis jeg ikke drikker ayahuasca er det som å jobbe uten briller – hvordan skal jeg kunne hjelpe folk uten å kunne se noe om dem».
Man trenger selvsagt ikke praktisere etter «best practice» modellen som innfødte sjamaner har brukt generasjoner på å finne utav, men for meg så er dette en bekreftelse på svak opplæring. En som har tilstrekkelig opplæring kan fint drikke ayahuasca selv, og samtidig i en seremoni setting fungere som en ressurs, jobbe terapeutisk, opptre profesjonelt, holde en vanlig samtale etc.
Gode poeng. Eg kjenner ikkje godt nok til "rettleiarsida" av personleg vekst, heller ikkje andre måtar å jobba med psykedelika på, men trur gjerne at det kan vera ei god tilnærming.
I Inner Mastery er prinsippet at ein ikkje skal blanda seg inn i prosessen til deltakarane under ayahuasca-økta, når det ikkje er tvingande grunnar til det. Det skal vera lov å grina i fred. (Eventuelt kravla i oppkast på golvet, som ei fortalde meg ho hadde gjort.) No er traumene mine av det mildare slaget, men eg har stor respekt for prinsippet om å "halda rommet" for medmenneska sine medan dei går gjennom det vanskelege saman med Mor Ayahuasca. Deretter kan integrasjonen (grupperettleiinga) på dagtid vera åstad for djupe innsiktar og nært samspel i gruppa om felles vokster.
(Eg kan sanneleg ikkje få lovprist integrasjonsøktene nok. For eitt år sidan forstod eg ikkje at når eg deler or hjarta med andre, er eg med og skapar eit rom der alle i gruppa kjem nærare kvarandre og får det betre.)
Sitat av
bita
3. Gruppen tilbyr potensielt dødelig kombinasjoner av ayahuasca og bufo til uvitende deltakere
Kombinasjonen av ayahuasca og bufo er bokstavelig et moderne eksperiment hvor man har begrenset kjennskap til konsekvensene. Men man vet at det har vært dokumentert, i medisinsk litteratur, dødsfall der kombinasjonen av disse to mest sannsynlig har vært årsaken. Nettopp derfor har ICEERS og andre seriøse nøytrale organisasjoner gått ut og advart mot denne kombinasjonen.
Kombinasjonen med bruken av disse to sammen kan man heller ikke bli klok på fra et historisk perspektiv siden de ikke har vært brukt sammen noen steder. Velger man å ignorere føre var prinsipper så er det det heller ikke til å stikke under en stol at mange tradisjonelle som jobber med ayahuasca eller lignende ofte er svært skeptiske til all blanding og miksing.
Her snakkar du om to ulike ting. Blanding og miksing av bufo alvarius og ayahuasca har eg ikkje observert. Og det er dette ICEERS åtvarer mot.
Derimot er det rutine å
veksla mellom dei: aya om natta, bufo på dagtid. Når tida for bufo kjem, har det gått 12 timar sidan siste dose med aya. (For orden skuld: ICEERS meiner at det skal gå 24 timar på grunn av spor av harmalin.) Med tanke på at dette har vore rutine i årevis med tusenvis av deltakarar, skulle vi tru at det hadde vore fleire skader på rullebladet dersom 12 timar var for lite.
Men dette peikar jo på det du seier, at dette er eit moderne eksperiment i stor skala. Eg må gje deg rett i dette. Likevel: Eg tykkjer at det må vera opp til den einskilde å vurdera kor stor risiko ein skal ta. Dette "eksperimentet" har jo byrja i det små, med dei mest risikoviljuge fyrst, deretter fleire og fleire etter kvart som det synte seg trygt.
I våre dagar, då vi (eller i alle fall eg) sårt treng betre måtar å takla angst og depresjon på, tykkjer eg det må vera rom for å eksperimentera fortare enn det vestleg varsemdskultur tillèt, for den som vel å ta del i det sjølv. Denne kulturen er flott når det gjeld trygge vegar, ærleg matmerkjing og smittevern. Han er ikkje så flott når han hindrar utprøving av ting som i verste fall berre skadar ein sjølv, og i beste fall kan inspirera til hjelp for mange. Men den debatten er kanskje større enn denne tråden.
— Noko delvis relatert er at IM no tilbyr yopo på retrettane sine. (Eg har sjølv teke det og lært om nye sider av meg sjølv, men meir om det ein annan gong.) Dette er frø frå treslaget yopo, som vert knuste og brente til rapé. Dei inneheld både 5-MeO-DMT og DMT, og vert tekne saman med caapi-te. I fylgje
Wikipedia har denne lange tradisjonar mellom sør-amerikanske stammefolk. Åtvaringa frå ICEERS gjeld hovudsakleg når harmalin vert kombinert munnleg med 5-MeO, i motsetning til rapé, som er luktesnus.
Sitat av
bita
4. Deltakere blir feilinformert
Det er flere eksempler på at Ayahuasca International driver med feilinformering til folk.
Om Ayahuasca hevder de at det for eksempel at det er masse vitenskapelige studier som påviser ayahuascas effektivitet når det kommer til avhengigheter, depresjon, angst etc. Dette stemmer egentlig ikke helt
Om kambo nevner gruppen at det er en av de beste måtene å styrke vårt immunforsvar på, at det er 4000 ganger sterkere enn morfin osv.
Dette er det eg personleg er mest oppgjeve over med Inner Mastery. Eg ville ha skrive om heile nettstaden deira, som har eit irriterande og irrasjonelt marknadsføringsspråk og fyrst gjorde meg skeptisk til heile greia. At kambó styrker immunforsvaret er rein LOL — men kanskje eg snart får sjå, sidan eg gjennomførde kambókuren min i forgår!
(For meg var fordelen med kambó at det var ein styrkeprøve, og eg har slite med å tru på den indre styrken min så langt i livet. Altså var eg ute etter den sinnlege effekten, ikkje den somatiske.)
Sitat av
bita
Eksempelvis blir deltakere fortalt at alt gruppen driver på med er lovlig.
Tja. Det eg har høyrt er at "ayahuasca is legal", og nettsida seier
We do not use substances prohibited in the countries we visit.
IANAL, men etter det eg kan lesa or lova, er ikkje ayahuasca forbode å drikka. Det er derimot generelt forbode å innføra "urter" (WTF?). Dimed har Inner Mastery brote lova ved å importera ayahuasca, men du som deltakar har ikkje brote lova ved å drikka av oppkoket. Flisespikkeri? Bullshit? Det er i alle fall ikkje rein løgn at det er lovleg i Noreg. Men som sagt: IANAL.
For å forklåra lovtolkinga mi: Det er ikkje nok at planten inneheld eit stoff på
Narkotikalista (DMT, 5-MeO) for at heile planten skal vera ulovleg.
Sitat av Narkotikaforskrifta §3
Som narkotika regnes
- stoffer, grupper av stoffer, droger, planter og sopper som er oppført i narkotikalisten, jf. § 4
- salter, stereoisomere, estere og etere av stoffer og grupper av stoffer oppført på narkotikalisten, forutsatt at stoffene har, eller antas å ha, psykoaktiv effekt
- blandinger (flytende, i fast form eller i gassfase) med innhold som nevnt i bokstav a) eller b).
§3
DMT i rein form er ulovleg, likeeins THC, men cannabis må nemnast eksplisitt i forskrifta for å vera ulovleg (og det er han, om du måtte lura på det). Det er mange plantar som inneheld DMT, for å seia det slik.
Sitat av
bita
7. Det blir ikke gjort tilstrekkelig medisinsk screening av deltakere
Ønsker man å jobbe med ayahuasca på en forsvarlig måte er det visse forhåndsregler en bør ta. Det er en lengre liste over ting man bør ha kontroll på. Blant annet bør man på forhånd screene deltakere som ønsker å drikke. Det er kjente risikoer relatert både til en deltakers eventuelle bruk av medikamenter, fysiske helsetilstand, og også mental helsetilstand. Fra mitt perspektiv blir ikke dette gjort i tilstrekkelig grad av gruppen, og man utsetter dermed folk for unødvendige risikoer. Kanskje dette har blitt bedre nå med årene, men før var det i hvert fall langt fra godt nok.
Veit ikkje korleis det var før, men no til dags skal ein melda medikamentbruk og fysisk og mental helsetilstand og -historikk ved oppmøte, og ein får tilbod om å skriva til lege og psykolog på førehand. Legen gav meg klårt svar om at betablokkarane eg tok var ufarlege saman med ayahuasca. Det hindrar naturlegvis ikkje folk å utelata ting, og i fjor opplevde eg at ein deltakar vart nekta bufo rett før seremonien. Han nemnde ikkje ein farleg sjukdom på skjemaet sitt, men hadde etter kvart snakka om tilstanden likevel.
Sitat av
bita
8. Alberto Jose Varela er en løgner og har seksuelle anklager mot seg
Selv er jeg sikkert altfor kritisk til hvem jeg velger å støtte økonomisk, og hvem jeg ønsker skal lære meg opp i hva enn jeg gjør.
Nei, det er absolutt din heile og fulle rett! Men dersom eg skulle fulgt dette prinsippet, med mine etiske vurderingar av menneska på toppen av samfunnet, hadde eg ikkje kunna bruka pengar. I det heile. Varela er småplukk i denne samanheng, og eg har eit liv å leva…
Dette var sikkert eit langt grundigare svar enn nokon gidd lesa, men det gjennomtenkte og velinformerte innlegget ditt fortener i alle fall såpass! Du inspirerer meg i alle fall til å sjå breiare etter psykedeliske rettleiarar, om ikkje anna så for å kunna gje betre råd til folk i livet mitt.
Sist endret av mentalmelt; 28. januar 2019 kl. 14:22.
Grunn: Personvern