Eg blei så utruleg sint då eg las denne artikkelen. Greit nok at han set fokus på at fleire kvinner arbeider og bruker mindre tid på familie, men resten av innhaldet i artikkelen er for meg avskyeleg.
- Likestillingen har gått så langt at vi snart ender som intetkjønn. - Mødre er best egnet til å oppdra barn fra naturens side. - Selvopptatte karrierekvinner gjør Norge til et kaldt land fullt av frossenpizza og overvektige unger med dårlig nettverk.
Eg veit knapt kor eg skal byrja.. Altså, greit nok at kvinner skal føda ungane og amma dei, men ellers ser eg ingen grunn til at kvinner kan gi ein betre oppdragelse og barnepass enn menn. Menn kan kanskje lata som om dei ikkje veit opp ned på ungen, men det er ingenting fysisk/biologisk ved dei som gjer at dei ikkje er egna til å oppdra ungar.
Kjem me til å enda opp som inkjekjønn? Nei, kvinner vil alltid ha eggstokkar og livmor, menn vil ha penis. Sånn er det berre. Definisjonen på mann er ikkje "personen i forholdet som drikker øl, fikser bilen og pcen og jobber overtid", og definisjonen på kvinne er (faktisk) ikkje "personen i forholdet som lagar mat og tar av seg ungane".
At ei kvinne er karrierekvinne, trenger ikkje gjera ho sjølvopptatt. Ein mann er ikkje naudsynleg sjølvopptatt om han ynskjer seg ei karriere, så eg ser ikkje kvifor dette ikkje skal gjelda kvinner. Fører det at både kvinner og menn har krevande jobbar til at familien lev på frossenpizza? Det er ikkje naudsynt sånn eg ser det. Det tar faktisk gjerne over ein halvtime å varma ovnen og steika pizzaen, og på denne tida kunne ein fint lagt noko anna istaden. Det blir jo opp til korleis kvar enkelt prioriterer. Og tru meg, mange familiar som ikkje har begge foreldre i full jobb, lev på frossenpizza for det.
- Norske kvinner drikker mer, slåss mer, er uhøflige i trafikken og sjekker opp folk på byen. De tar etter uvanene våre. De oppfører seg som menn og har samme interesser som menn.
Så problemet er at kvinner blir meir like menn? Då burde kanskje menn óg endra seg litt?
Det eg vil fram til er at eg er samd i at ein familie kanskje lir når begge foreldre er i fullt arbeid og prioriterer karriere framfor barna/heimen. Men kvifor må det vera kvinna som må ofra karriera si? Kvifor er det så utenkeleg at MANNEN arbeider deltid, oppdrar ungar og lagar næringsrik mat? For med unntak av svangerskap, fødsel og amming, er mannen like skikka til å vera den som er meir heime og styrer huset. Per Bjørnar Rødde burde kanskje ta ein liten kikk på seg sjølv før han går og kritiserer alle karrierekvinnene i Noreg.