(Disclaimer : Har kun sett første sesong)
Som sagt, eg har berre sett den første sesongen, og for å være heilt ærlig - eg syns serien sugde hardt. Her er kvifor :
1. Flashbacks (gud bedre! Eit flashback her og der for å peike ut viktige ting når det trengs, greit nok. Halve fordømte serien som flashbacks når eg har gleda meg til "Survivor med noko attåt"? NEI! Eg vil sjå folk slite i jungelen, ikkje sitje og mimre om kor kjekt/fælt livet deira var før flyet kræsja.)
2. Framdrift/plot : Altså, når dei bruker ein heil sesong på å få opp ei mystisk luke i bakken så syns eg faktisk ting har gått litt langt. Hadde dei kutta ut flashbacks og anna såpeopera-dill så hadde dei kunne brukt tiden på å lage eit skikkeleg plot i stadenfor å slenge ut mystiske hint i alle retningar utan å ha peiling på kva noko av det vil føre til seinare i serien (Eg er nesten 100% sikker på at Abrams sjøl sa i eit intervju at han ikkje hadde planlagt plottet lengre enn sesong 1, litt som Matrix-filmane. 10 år på å skrive den første (knallbra), 10 mnd. på å skrive dei to neste(søppel) fordi studio vil ha meir, NÅ!)
3. Metafysikk : Sjå pkt. 2. Eg likar å få logiske forklaringar på ting (Det kan godt være totalt forvirrande så lenge det henger på greip til slutt.).
Det meinar iallefall eg
(Men eg gjentar - eg har berre sett første sesongen, men eg vil anta at sidan den vart ein så stor hit så har dei ikkje forandra på formelen meir enn strengt nødvendig bortsett fra litt "tweaking" for å halde interessen oppe. Rett på meg viss eg er heilt på jordet.)