Hei
Eg har den store gleda av å gå på NTNU, og datateknikk. Her er det sjølvklart flest menn/guttar, og det er sjølvklart litt dumt (bidrar der eg ja). Difor har nokre jenter (visstnok ein mann og ei dame) starta "Jenter og data". Dette skal vere ein slags motivasjonsfaktor for jenter, slik at det skal verte fleire jenter innanfor data (noko som er ein god idé).
Det som diverre er litt rart, det er at dei då får veldig mange fordelar. Hadde det vore litt her og der, så hadde det vore greitt. Men her får 6 jenter på data, av 100 studentar, veldig store fordelar. For all del, gje dei kjønnspoeng, og gjer noko sosialt for dei, men er det heilt rett at dei skal få 1,8 millionar kroner kvart år å smøre jentena for? Er den utdanna kvinna så viktig at dei skal få nesten to millionar kroner å spise for i året (nei, det er sjølvklart ikkje berre spising, men det virkar sånn for oss andre)?
For all del, mange jenter inn i databransjen, og dersom det er mat som er det som skal til, så får dei heller få det. Eg tykkjer diverre det er leit at det er ein sånn motivasjonsfaktor som skal til, sidan det heller burde vere interressa for data som dreiv dei. Kanskje det er det, og kanskje ikkje?