Den siste veka har eg drukke mandag, tirsdag, torsdag og fredag. Etter all sannsynlighet kjem eg til å drikke i morgen og. Eg er ikkje vidare stolt av dette. Og har sjølvsagt innsett at nok må vere nok. Det er på tide å sette seg ned og seie stopp. Men eg veit ikkje korleis eg skal gjere det. Eg er på mi fjerde flaske med vin for kvelden, og er framleis fullstendig i stand til å skrive og snakke. Dette er ikkje ein positiv ting. Ikkje i det minste. Toleransen min for alkohol er no så høg at det mest minnar om ein dårlig komedie frå seksti-talet.
Eg er ute etter tips og råd for å hanskast med alkoholisme. Om nokon har tips til kva ein skal gjere blir eg veldig fornøgd. Eg har satt meg eit mål – berre å drikke på fredagane framover. Om ikkje går eg glipp av ei LP-plate. (elsker musikk). Det burde vere motivasjon nok. Men eg er pissredd for at eg ikkje skal klare det. Det hjelp sjølvsagt på at madammen har sagt sitt om saken. Kven av oss ville ikkje prøvd å forandre oss om madammen satt foten ned? Eg har vurdert anonyme alkoholikere. Men dei møtast berre den første fredagen i måneden her kor eg bur. Og det er så lenge til at eg ikkje trur eg kan finne hjelp der. Eg treng hjelp no. Med ein gong. Gode tips. Råd. Alt som kan få tankane og kroppen min vekk frå alkohol. For dette er ikkje spesielt kjekt. Dette er ikkje noko eg er spesielt stolt av.
Spørsmålet er: korleis kan ein takle alkoholisme utan å legge seg inn på avrusing og liknande?