Sitat av
Tekniker2
Det monteres ofte en jordingsmuffe et eller annet sted på avløpsrøret selv om dette er av plast. Det legger seg et belegg av fett inni røret så derfor virker en jordingsmuffe. Det sørger for at en jordfeil ikke forplanter seg via avløpsrør
slik at du kan få støt når du dusjer dersom det er jordfeil.
For å ta jording 101:
Poenget med jording er at alt skal ha likt potensiale, slik at det ikkje kan oppstå spenningsskilnader mellom ulike delar av rommet om eit apparat får jordfeil. Difor er det krav til at alle eller ingen stikkontakter i eit rom skal vere jorda. Jordinga vil og sørge for at straumen går via jordleder, og ikkje via person, om ein feil skulle oppstå. Dobbeltisolerte apparat nyttar ikkje jord - rett og slett fordi risikoen for to feil er såpass liten at det ikkje er verdt det.
Ein har og jordfeilbryter som skal slå ut straumen ved ein jordfeil, for å unngå personskade i størst mogeleg grad.
Viare så er fett stortsett ein god isolator, men gråvatn er ikkje ein isolator, og røyr vil få biofilm innvendig med ymse salter, som kan leie straum. I tillegg er kostnaden ved å jorde det minimal.
Så poenget er per se ikkje å jorde rørsystemet, men å sørge for at leiande flater du kan komme i kontakt med har likt potensiale. Om det vert gjort i sluk eller ein annan plass er mindre viktig.