Sitat av
Iecore piscis
Ville det ikke vært en marked for en nøytral media, som kun gjengir direkte fra offisielle kilder? Ingen "authors (journalister)", men bare direkte tekst av hva den enkelte kilde har sagt. Jeg ville lett ha abonnert på en sånn tjeneste.
Det er jo stortsett rimeleg uinteressant?
Veldig mykje av det som kjem fram kjem jo fram som følgje av spørsmål frå media. For å t.d. ta reiseregningssaka i norsk idrett, så kom jo den opp som følgje av spørsmål frå media. Det var ikkje slik at idrettsforbundet publiserte ei pressemelding med informasjon om at dei hadde til hensikt å halde tilbake reiseregninger. Det samme gjeld t.d.
Abu Ghraib-skandalen for eit par år tilbake. Eller Snowden-saka. Der var det jo runde på runde der NSA benekta ting, Snowden avslørte litt meir, og NSA vart tatt med buksene nede.
Det samme gjeld veldig mykje. Når det gjeld pressemeldinger så finst dei stortsett på nettsidene til dei som har sendt dei ut - men den journalistiske jobben er jo å sjå forbi det organisasjonenx
ønsker å få ut i media.
Det du har mest igjen for er kritisk sans og kjeldekritikk, og lære deg å dobbeltsjekke påstander som verkar tvilsomme. Å kun lese offisielle kjelder vil ikkje tilføre deg spesielt mykje i så måte, utan at du og sjekkar dei uoffisielle kjeldene.