Sitat av [GC/Betater]
Eg blir lei meg når folk kallar det "ein celleklump", det er eit liv i frå sædcella og eggcella blir smelta saman. - Min meining
Definisjoner.
Eg godtar at du ikkje vil ta abort, men eg vil ikkje godta at dine syn skal få bestemme over mitt liv, så lenge du ikkje har eit betre grunnlag enn religion å bygge det på.
Dersom ein skal begynne ein definisjon av liv: er sædcella hellig, slik som i bibelen? Er det synd med onani, fordi en potensielt ødsler et par millioner liv...? Og kva med dyr? Dei er rimelig like mennesker genetisk sett, så lite skiller ei rotte fra et foster, noko du forøvrig vil legge merke til om du studerer pattedyrfoster på ulike stadium. Fram til eit vist punkt er dei meget like.
Min definisjon av liv blir når eit foster er i stand til å leve utanfor mora sin kropp. Medisinen har flytta denne grensa frå 9 månader og ned mot 24 veker så vidt eg har fått med meg, Det vil sei at frå det er forbode å ta abort, utan særskilde grunnar, og til fosteret er i stand til å overleve med all den medisinske hjelp vi i den vestlege verda kan stable på beina går det 12 veker. Difor er eg imot sjølvbestemt abort etter omlag 16 veker, fordi ein då med ein viss grunn kan hevde følgande:
- Mora bør ha oppdaga graviditeten på eit vis.
- Fosteret nermer seg levedyktig stand.
- Faren for psykiske traumer for mor aukar jo lenger ut svangerskapet ho er komt
- Påkjenninga på legen som må utføre inngrepet aukar.
Med andre ord, meiner du at det er eit liv, ved t0, når det essensielt sett er to celler, rett nok med menneskelig dna, men som ikkje har noko form for likhet med eit menneske, ei heller ingen av dei egenskaper vi forbinder med mennesker, utover gensettet?