Sitat av
B15h0p
Ønsker å lære mer om datamaskiner og nettverk. Litt basis hacking.
Det er veldig lite spesifikt.
Men du kan begynne med å settje opp Linux. Kvar gang du må gjere noko meir enn to ganger scripter du det, slik at du slepp gjere det igjen. Du lærer deg eit vilkårleg programmeringsspråk, t.d. python. Gå laus på
Project Euler, og løys oppgåver der. Det lærer deg ein del om algoritmer og programmering.
Du set opp eit nettverk heime frå botnen. Boka
Firewalling with OpenBSD's PF packet filter og OpenBSD er eit alternativ. Det er ikkje så viktig kva; du vil lære om nettverk uansett. Kjøp deg ein L2 switch, t.d. Cisco SG-serien. Koster i underkant av ein tusenlapp. Resten kan du strengt tatt virtualisere.
Sett opp ulike VLAN for ulike funksjoner. Isoler dei slik at klienter på VLAN A har tilgang til nøyaktig det du ønsker - og ingenting meir - på VLAN B.
Sett opp VM med CentOS og nginx. Sett opp VM med Varnish som revers proxy. Plasser varnish i DMZ, med tilgang til nginx. Sett opp ssl-sertifikater på varnish for https.
Så kan du leike deg med wireshark, og lese RFCer for ulike protokoller, og forstå korleis protokollane fungerer, og kvifor dei er bygd opp slik dei er bygd opp. Bruk netcat til å skrive http-requests. Bruk netcat til å sende e-post.
Det er litt frå top of my head. Det er ikkje einaste måten å lære på, og gjerne heller ikkje beste måten. Men gjer du alt der vil du ha ein betre forståelse av IT.