Du må være registrert og logget inn for å kunne legge ut innlegg på freak.no
X
LOGG INN
... eller du kan registrere deg nå
Dette nettstedet er avhengig av annonseinntekter for å holde driften og videre utvikling igang. Vi liker ikke reklame heller, men alternativene er ikke mange. Vær snill å vurder å slå av annonseblokkering, eller å abonnere på en reklamefri utgave av nettstedet.
  2 1153
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det er mange som er forvirra rundt begrepa garanti, reklamasjonsrett, tid etc.

Garanti
Garanti er utviding av dine rettar, gitt av seljar eller produsent av eit produkt. Garantien gir deg rettar utover kjøpslova, men kan og ha vilkår, t.d. at du registrerer produktet på nettsidene til produsenten, eller at du ikkje har lov å opne det eller modifisere firmware på det.

Garantien kan ikkje innskrenke reklamasjonsretten eller andre rettar etter forbrukerkjøpslova, ettersom lova set ein minstestandard.

Kva som vert dekt av garanti vil variere frå tilfelle til tilfelle, ettersom vilkåra varierer vidt mellom ulike levrandører. Koss er jo famøse for at du får nytt headset om du har eit øydelagt eitt og ei kvittering. Ikkje alle har like omfattande vilkår.

Reklamasjonsrett
Reklamasjonsrett er lovgitt i alle kjøp, men mest aktuelt i forbrukerkjøp (frå profesjonell selger, altså eit firma, til privatkunde). Reklamasjon er nedfelt i Forbrukerkjøpslova §27.

Kort sagt er reklamasjonsrett retten til å krevje at seljar utbetrar ein mangel ved produktet, og eit slikt krav må framsettjast innan to måneder etter at du oppdaga mangelen som generell regel. Det bør framsettjast skriftleg (e-post e.l.) slik at du kan dokumentere at du heldt fristen.

Reklamasjonsretten er to eller fem år, avhengig av om eit produkt er meint å vare meir enn to år eller ikkje. Det meste av elektronikk er nok meint å vare 'vesentleg meir enn to år', og har difor fem års reklamasjonsrett.

Reklamasjonsretten gjeld sjølvsagt ikkje om du har påført produktet ein skade, t.d. væskeskade. I så fall må du kjøpe nytt sjølv, eller betale for reperasjonen. Den gjeld kun dersom produktet har ein mangel, altså ikkje fungerer som annonsert eller forventa, eller manglar eigenskaper som annonsert eller forventa. Den dekkjer heller ikkje normal slitasje. Det er ikkje ein mangel at du får riper i skjermen på mobilen din; det er slitasje.

Om du sender inn eit produkt til levrandør under reklamasjonsretten, så vil du ofte måtte fylle ut eit skjema der du samtykker til å betale for undersøkelse/reperasjon dersom det ikkje vert dekka av reklamasjonsretten. Det har levrandøren adgang til.

Låneprodukt
Om du vert utan produktet i meir enn sju dager, har du krav på låneprodukt samme dag som du leverer inn produktet, med mindre det er til vesentleg ulempe for seljar. I praksis skal det mykje til før det er til vesentleg ulempe. Og låneproduktet skal ha nær samme eigenskapar som produktet du har kjøpt. Har du ein android-telefon, så skal ikkje låneproduktet vere ein Nokia 5110. Du treng ikkje forklare seljar kvifor du treng eit likeverdig produkt.

Angrefrist
Angrefrist vil sei at du ved fjernhandel kan returnere produktet til seljar, og få tilbake pengane dine. Du må gi melding om at du vil nytte angrefristen innan 2 uker etter at du har motteke gjenstanden, og du må kunne returnere gjenstanden i originalemballasje, og i nær samme stand. I praksis er det lov å prøve gjenstanden, for å sjå om den er slik du forventa, men du kan ikkje ta den i bruk som din egen. Bestiller du ein PC, så kan du slå den på, og teste den, men bør ikkje bruke den dagleg i to uker om du vil ha angrerett.

Om du har kjøpt via andre kanaler enn telefonsal må du dekke transportkostnad for å returnere gjenstanden sjølv. Har du kjøpt via telefonsal må seljar dekke returkostnad.

Om det ikkje er med skjema for angrerett så er angreretten utvida frå 14 dager til 3 månader.

Kjøpslova - når du kjøper frå private
Om du kjøper frå ein privatperson så kjem ikkje forbrukerkjøpslova inn i biletet. Derimot er det kjøpslova som gjeld, som gir mindre vern. Du har kortare reklamasjonsrett, og det er i større grad høve til å avtale avvik frå lova. Men du vil like fullt ha eit visst vern mot skjulte manglar ved gjenstanden, samt eit godt vern mot mangler som seljar var klar over, men ikkje opplyste om.

Uansett kan du ta saka inn som reklamasjon for opphaveleg seljar, og det er ofte beste løysinga i slike kjøp.

Dette er ein kort gjennomgang av ulike begrep, og på ingen måte utfyllande forklaring eller fullstendig opplisting av rettane. Forbrukerombudet og Forbrukerrådet har meir informasjon på sine nettsider.
Sitat av Slashdot
Reklamasjonsretten gjeld sjølvsagt ikkje om du har påført produktet ein skade, t.d. væskeskade. I så fall må du kjøpe nytt sjølv, eller betale for reperasjonen. Den gjeld kun dersom produktet har ein mangel, altså ikkje fungerer som annonsert eller forventa, eller manglar eigenskaper som annonsert eller forventa. Den dekkjer heller ikkje normal slitasje. Det er ikkje ein mangel at du får riper i skjermen på mobilen din; det er slitasje.
Vis hele sitatet...
Vel å merke, om de som har lagd telefonen har sagt i reklame at feks. skjermen ikke kan få riper, så gjelder reklamasjonsretten på det. (Om jeg ikke tar feil)