Sidan eg har litt tid ein søndag, så kan eg likså sjå litt på det dei skriv...
Om vi startar med
About us, som skreve av folka sjølv:
Explosive will introduce innovating ideas and concepts combining the unlimited opportunities the Internet has given us with new technology, built around a worldwide private community of members.
Det der er svada. Det er buzzwords, og
nada konkret om kva dei faktisk gjer. Eg har faktisk sett
buzzword-generatorer som er meir konkrete enn det der. At dei er så lite konkrete er eit gigantisk raudt flagg.
Det kjem meir svada på samme sida. Eg gidd ikkje sitere det; det er fortsatt svada krydra med buzzwords. Essensen er at dei har ei about us-side som ikkje seier noko om kven dei er, kva dei leverer, eller kvifor du skal kunne tene pengar på dei.
Så over til
medlemssida. Meir svada. Seriøst, får du meining utav følgjande tekst?
Explosive is on a missions to change old school businesses, and we are doing this by building a community of like-minded people which will create a momentum of consumer power to back our businesses.
Men dei har og ein liten godbit, som faktisk seier
litt om kva dei gjer.
Massive Online Gambling (MOG) B.V. doing business as Explosive Gambling will operate the first business concept which bring our innovating ideas into old school businesses. MOG have spent over 10 years re-inventing gambling, their games will cost less to play, pay bigger prizes and offer better odds. We have removed all the limitations ordinary casinos has. And we offer 100% transparent gambling, with players playing against each other, not against the house.
For det første er jo gambling basically tilfeldigheter. Korleis du kan finne opp det på nytt framstår som litt merkeleg. Sure, du kan lansere nye typer oddsspel, men det gjer vel andre kasino kontinuerleg? Og kostnad og utbetaling må balansere. Og kor mykje huset tener varierer, men det er så vidt eg har forstått ikkje uvanleg at 90-95% vert ført tilbake til spelarane. Og det svarer forsåvidt ikkje på spørsmålet om korleis ein skal tene pengar på gambling, for forventningsverdien er uansett mindre enn innskotet, gitt at det kostar å drifte spelet og huset skal ha sin del av potten.
Om ein trykker på registreringslenka får ein endå mindre informasjon. Jada, gambling, men null info om kva du skal tene på. Dei er imidlertid åpne om at du må betalex200EUR for å få 'premium membership' - som altså ser ut til å vere ei forutsetning for å få utbetalt pengar. Lukter ikkje det rimeleg sterkt av pyramide og ponzi-scheme?
Viare så
samanliknar dei seg sjølv med delingsøkonomi - utan at eg forstår kva det har med saka å gjere. Uber og AirBnB har fundamentalt forskjellige forretningsmodeller frå det vi ser her.
Kort sagt har dei svært lite info tilgjengeleg, det er lasta med meir buzzwords enn
Mission Statement av Weird Al Yankovic.
Kort sagt er det svært lite tillitsvekkjande det som er publisert, og det er ikkje veldig vanskelig å avfeie det som pyramide i meir eller mindre si mest klassiske form. I tillegg er jo eigarane notorisk anonyme - firmaet er registrert på Kypros, som ikkje akkurat er kjent for å ha transparente forhold. Dei har og i T&C utelukka eit av verdas største gamblingmarked - USA...
Eg ville heilt ærleg heller spelt lotto enn å skyte inn 200EUR i det der. Men så er jo pengespel generelt sett svært lite rasjonelt.
Sist endret av vidarlo; 4. desember 2016 kl. 14:14.