Sitat av
fryatt
Det tror jeg ingen ting på. Legen min sender ikke noe brev tikl fylkesmannen, heldigvis. Jeg skal ikke bruke Sobril over seks måneder. Og det er små doser. Det du beskriver er et angiversystem som er helt forkastelig. Og dessuten, du mister ikke førerkortet av å "bare" bruke Sobril. Du må bruke tre preparater med trekant for å få en reaksjon. Dette er skremselspropaganda.
Korleis veit du at legen ikkje sender melding til fylkesmannen? Det er eit lovbrot for legen å ikkje sende melding om du ikkje fyller helsekrava over lengre tid (6 månader).
Det er ikkje eit angiversystem; legen har plikt til å gi melding om at du ikkje fyller helsekrava. Det er ikkje ei plikt til å spesifisere kvifor.
Viare så er det du seier om tre preparater med varseltrekant positivt galt.
Det er laga tabeller som seier noko om bruken og innehav av førerkort, og t.d. meir enn 10mg diazepam diskvalifiserer deg frå bilbruk. Det kjem, fornuftig nok, an på dose og ikkje berre tal medikament.
Hugs og at vegtrafikklova har eit absolutt forbod mot å føre motorvogn om at du ikkje er skikka til det. Om drogene er lovlege eller ulovlege, og om dosane er over eller under terskelverdiane er revnande likegyldig i så måte -
du har eit ansvar for å vurdere om du har lov til å køyre eller ikkje.
Sist endret av vidarlo; 19. januar 2017 kl. 20:46.