Ei tidleg fyrstikk blei utvikla i Kina i 577. Dette var små svovelimpregnerte furupinnar.
Den første moderne fyrstikka blei laga i 1805 av K. Chancel, som var assistent til professor L. J. Thénard i Paris. Fyrstikkhovudet var laga av ei blanding av natriumklorat, svovel, sukker og gummi. Ein sette fyr på dei ved å dyppa dei i ei lita asbestflaske fylt med svovelsyre. Ettersom fyrstikken var dyre og farlege å bruka, blei dei aldri mykje brukte.
Det var den engelske kjemikaren John Walker som laga dei første fyrstikkene som blei tende ved friksjon i 1827. Arbeidet hans bygde på det Robert Boyle hadde gjort med svovel og fosfor. Walker oppdaga at ei blanding av antimon(III)sulfid, natriumklorat, gummi og stive kunne ta fyr om ein slo det mot ei ru overflate. Kjemikaren kalte oppfinninga si congreves, men ho Samuel Jones tok seinare patent på henne og selde fyrstikkene som lucifers.
Dei første fyrstikkene hadde ein ustø flamme som var svært sterk i byrjinga og gav frå seg ei vond lukt. Likevel blei dei mykje brukte, og førte til ein tydeleg vekst i talet på røykarar. Kvit fosfor, innført i 1831 for å redusera lukta, viste seg å føra til farlege knokkelmisdanningar og blei forbode.
Dette fannt jeg på wikipedia, kanskje dette kan være til nytte
Sitat av plankepeter
Lage hjemmelagdefyrstikker er en god ide .
Trenger man ikke kjøpe de, en god løsning.
eller ikke så god idè. Jeg tror de fleste som har tengt å lage fyrstikker selv gjør det ikke for å være økonomiske. Heller for å hvite hvordan de lages eller bare for å eksprimenteree