Sitat av
Molekyl
Bør Norge avvikle oljenæringen innen de neste 4 årene?
Kva legg du i å avvikle oljenæringa?
Å stenge ned eksisterande felt, og totalt stanse produksjonen neste fire åra? Nei, det er heller omlag ingen som går inn for det.
Om du derimot siktar til leiting, så er det rimeleg mange som meiner at leiteaktivitet bør innstillast, enten direkte ved å ikkje utlyse nye lisenser, eller ved å t.d. fjerne subsidier, slik at det ikkje lenger er kostnad staten dekker - og på den måten avvikle oljen ved å redusere nyinvesteringer og utbygginger, som på sikt vil føre til at næringa blir avvikla - i det minste slik vi kjenner den i dag.
I tillegg kjem vanskelegare grenseoppganger. Kva om vi får hydrogensamfunnet? Då kan gassproduksjon med reformering til hydrogen og injeksjon av CO2 vere fornuftig måte å produsere hydrogen på, utan store karbonutslepp. Om vi får moden teknologi for denslags, så kan det vere av interesse å bygge ut gassfelt.
Du kan lese MDG
sin plan for utfasing av oljen for meir detaljerte tanker om korleis det kan løysast. Dei er det partiet som har sterkast standpunkt mot olje, men heller ikkje dei snakkar om å avvikle oljenæringa på fire år.
Spørsmålet er altså relativt unyansert, og i stor grad spør du om noko ingen går inn for uansett.