Sitat av mopplest
Har du hørt om "table" i dreamweaver? Du kan liksom trykke på layout så trykker du "insert table". Så er det bare å dra layout bildene over til dreamweaver.. Det er så sinnsykt lett... Så hvis du ikke vet hva jeg mener så vet jeg ikke jeg..
Ja, men det gjer det på ingen måte meir rett. Det er feil, utifra definisjonen av html, og det er dermed ikkje korrekt bruk av html. Du har då ei side som er tung å velikehalde, vanskeleg å endre fargar seinare, umogeleg å tilby fleire design lettvint m.m.
Dersom du brukar html, med CSS, så kan du ha så mange stilark du vil, og bare endre stilarka, istaden for htmlen. Sjå på
www.csszengarden.com
Dei har *ei* html-fil, men mange stilark. Dermed slepp du å tenke på å endre htmlen bare fordi du vil ha nye fargar, og du kan tilby fleire ulike themes til besøkjande om du vil det. Så kort sagt, CSS *er* framtida, og det er det absoulutt beste...
Andre fordelar med css er at du kan ha eit stilark for skjermvising, og eit for utskrift. Då kan folk bare trykke på print, og vil få ut det som ligg i det stilarket, gjerne uten menyar, headers o.l. Kort sagt, teknisk sett uendeleg mykje meir elegant løsning.
Å tilrå nokon å bruke tables i 2006 vitner om at du ikkje har teknisk kompetanse innanfor heimesider.