Sitat av
Membranplan
Hvis du ser ut i fra alle de andre planetene vi har utforsket er det 0% sjanse for å finne liv i verdensrommet.
Så har ikkje vi utforska spesielt mange; dei vi har utforska ligg stortsett utanfor
Gullhår-området, så det er dårleg størrelse å måle etter. Om vi derimot antar at ei av hundre stjerner har planeter, og ein av hundre planeter er i ein avstand som kan tillate liv, og at ein av hundre planeter som kan, har utvikla liv... Poenget her er at uansett kva odds du set inn for kvar av hendingane, så gjer talet stjerner at du sit igjen med eit tal planeter. Drake si likning omhandlar dette.
Sitat av
Membranplan
Altså er dette regnestykket umulig å finne ut av før vi faktisk finner liv i rommet.
Jepp, Drake-likninga er eit tankeekspriment, som kan gi ein peikepinn, men det er gjetning. Men det er ei kvalifisert gjetning. Ettersom livet oppsto veldig kort tid etter at forholda på jorda låg til rette for det, så er det ikkje heilt usannsynleg å anta at det vil skje
alltid når forholda ligg til rette for det. Med tanke på exoplanetane vi har funne veit vi at andre stjerner har planeter. Da er det ikkje veldig usannsynleg at minst ein av dei ligg i den bebuelege sona...