Joeys top 5 (i ingen spesiell rekkjefølje):
Ein av dei nyaste låtane eg har forelska meg og sniker seg med av den grunn. Feit låt og kul stemme på ho Karin Park. Brukar alltid å lure den inn på spelelista når eg er på fest og har ikkje fått noko negativ tilbakemelding, enda.
-
Karin Park - Tigerdream.
Sidan det var lov å ta med
electro so kjem dei neste to til å ver meir i den retninga.
Royksopp - Poor Leno (Silicone Soul Dub), er den første. Tittelen seier dub, men eg veit ikkje. Det er ganske chill electronica, imo. Gir meg same følelsen som når eg høyrte på Moby - Porcelain, berre eg har høyrt meg lei av den for lenge sidan. Langt spor så det er mogleg å drøyme seg vekk til den heller simple og faste rytma og nokon svake tonar frå Poor Leno.
Neste på lista er ikkje noko mindre enn
Daft Punk - Indo Silver Club. Daft Punk høyrer heime på kvar electronica top-liste.
So over til litt meir dubstep, der ein av favorittane mine må vere
Benga - Pleassure. Som er feit, sensuell og roleg i same slengen. Ikkje noko feil med den på vors, sjølv om den er chill. Benga var noko det første eg høyrte av dubstep, så er vel gjerne derfor Benga den ender opp på lista mi.
Til no har det vore litt roligare slag og ikkje so mykje wob-wob, som dubstep gjerne blir assosiert med. Sjølv om eg ikkje klare å høyre på Skrillex og alt ditta der, så er det digg å høyre på noko sketen wob-wob av og til. Rusko var nok den eg høyrte mest på, meeen eg landar likavel på
Bassnectar - DJ Vadim - Maximum ft. La Methode (Bassnectar & ill.Gates Remix)., som er latterlig feit og får meg til å ha lyst til å "danse" kvar gang eg høyrer den.
Så der var min topp 5.