Så har det skjedd igjen. Ein trettenåring vil bekjempe kreft med naturmedisin. Det har jo skjedd før at foreldre har nekta ungane behandling. Då var det kvite, kristne middelklasseborgarar som gjorde det. Og bornet døydde.
Her er det urbefolkinga, som har ein naturreligion, som meiner moderne medisin er fy-fy. 13-åringen ser ut frå artikkelen ut til å meine det sjølv, i den grad ein trettenåring kan ha formeininger om slikt.
Det nye her er at retten seier at vedkommande skal tvangsbehandlast, mot sin eigen vilje. Det skjedde ikkje forrige gong. Då kom det kun drapstiltale i etterkant.
For meg har denne dommen her ein underleg bismak av rasisme og overlegenhet frå den kvite mann - ville noko liknande skjedd om det var ein kristen, kvit middelklassefamilie, og ikkje urbefolking med ein naiv naturreligion? Og kva med menneskerettane? FN sine menneskerettar set jo ikkje aldersgrenser på to manifest his religion or belief in teaching, practice, worship and observance - og dette kan vel i høgste grad seiast å vere praktisering av religionen?