Sitat av
amdb73
Eier av nettverket er ansvarlig for hva som skjer på dette nettverket. Så du sitter med skjegget i postkassa uansett!
Virkelig? Du kan sjølvsagt vise til bakgrunnen for påstanden din? Eg trudde altså, åpenbart feilaktig, at personer var ansvarlege for eigne handlinger, både strafferettsleg og erstatningsrettsleg. Er biblioteket ansvarleg om eg sender bombetrusler frå biblioteket?
Frå spøk til revolver - eg vil tru at eit av dei beste forsvara i ei straffesak er at kulturdepartementet har vore elskverdige nok til å hevde at
streaming er lovleg - sjølv om kopien du streamer ikkje er framstilt i tråd med ÅVL.
For ein sluttbruker er det å sjå skilnad på
lovleg streaming og
ulovleg streaming ikkje enkelt. Det er ikkje åpenbart at PT og lastar opp ein kopi.
Så har enkelte kloke hoder komt på at PT gjev ein valet å lagre fila til disk - og at det då skjer eksemplarframstilling. Vil det sei at å streame ein film direkte i mplayer er lovleg, men mplayer -dumpstream er ulovleg? Kva med tvilstilfella? Kva om eg har mykje ram, og køyrer mplayer -cache=8192M? Er det ulovleg? Kva om eg foretar ei
eksemplarframstilling på disk, fordi eg trykker pause, og OSet swapper ut ein stor ubrukt prosess til swap? Kva om eg ikkje har eit system med mykje RAM, men nok disk og dårleg linje, og vel å cache til disk?
Definisjonane er mildt sagt elendige, og du kan fly ein 747 gjennom hola i argumentasjonen. For teknisk sett er det
ingen skilnad på nokon av døma over. Utover at KD meiner somme av dei er lovlege, andre ulovlege.
På sett og vis hadde det vore forfriskande om filmbransjen valde å saksøke titals tusen personer. Det hadde demonstrert at dagens lovgjeving er på ville vegar, og at ei reform må til. Diverre er dei neppe dumme nok til å forsøke det. I USA, der dei har hatt mogelegheitene lenge, har det stortsett gått i retning av skremselstaktikk og relativt få søksmål.
Når det gjeld tapstala dei viser til, så antar dei truleg det dei alltid antar - at ein som piratkopierer ein film automatisk hadde kjøpt filmen til fullpris. Det er
feil. Kanskje ville folk venta til filmen kom til 49,- på Rema 1000. Kanskje ville ikkje folk sett den (og dermed anbefalt den til venner, som kanskje kjøper den. I så fall er det jo ikkje eit tap?). Kanskje er det berre bakgrunnsstøy, og dei ville sett omigjen ein film dei alt hadde om det kosta pengar?
Så eg er like lite imponert over retorikken som i forrige runde. Musikkbransjen har innsett problemet, og fiksa det. TV-bransjen er i ferd med å fikse det. Når skal filmbransjen innsjå at dei ikkje har ein forretningsmodell som er levedyktig lenger?