Sitat av
ruby666
Om du brygger i en ikke gevinst organisasjon, så brykker du med samme rett som individe ettersom du ikke er ett selskap. Og om folk er villig til å "donere" penger så er det ingen som betaler for spriten. Om spriten derimot blir solg, må man betale moms og alkoholavgift.
Nei. Det er feil. Som individ kan du tilvirke alkoholhaldig drikk til eigen bruk. Som organisasjon har du ingen eigen bruk; det er eventuelle medlemmer som vil bruke det, og det fell såleis utanom fritaket for tilvirkningsbevilling.
Om fem personer går saman om å bryge, og deler utstyr, og alle gjer ein aktiv innsats, vil det antakeleg gå inn under eigen bruk. Om hundre gjer det samme, vil det neppe falle inn under unntaket.
Viare så er ikkje norsk rett så firkanta som du gir inntrykk av. Om tilgang til spriten er betinga av 'donasjon' er i realiteten donasjon vederlag for sprit, og ergo må du ha sal/skjenkebevilling i tillegg til tilvirkningsbevilling.
Og du må sjølvsagt betale alkoholavgift, MVA også viare.
Kort sagt er ideen din basert på at du ikkje kjenner lovverket.
Kva er relevansen av dette? Det går på skjenkeløyve. Og selskap her må tolkast som forsamling, ikkje i betydninga firma eller organisasjon. Med lukka selskap meiner alkohollova altså ei klart avgrensa forsamling, på ein slik måte at almennheta ikkje har tilgang. Det kan t.d. vere eit bryllaup med gjesteliste, eller firmafest der kun tilsette har adgang.
Sist endret av vidarlo; 14. desember 2018 kl. 15:35.
Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.