Hei.
Eg har ein 15 år gammal PC som ikkje fungerer, og eg ønskjer å hente ut nokre gamle filer. Einskilde filer ligg på ein «slavedisk», mens andre ligg på skrivebordet på ein «masterdisk». Speler dette noka rolle om eg set diskane over til ein annan PC? Eg har ikkje hengt med på PC-utviklinga dei siste åra. Er det framleis dei same kablane som blir brukt? Kan eg kjøpe ein ny stasjonær PC og setje inn dei gamle hardiskane?
Om det skulle vere relevant, er det straumforsyninga som har teke kvelden hjå den gamle PC-en. Komponentane elles skal fungere.
På førehand takk!