No er det jo konfirmasjonstid og eg skal gje pengar til ein som skal konfirmerast. Kan ikkje møte opp sjølv og skal difor sende eit kort. Har ikkje lyst til å putte pengane i lag med kortet og synes det er litt dumt å berre sette dei inn på kontoen hans. Kom på den ideen at eg skal skrive ut eine sida av ein 200 lapp nokre gonger og legge ved kortet. Ingen problem med å skanne, men slit med å få utskrift. Har prøvd å skrive ut både mindre og større versjon, men får berre ut halvparten. Treng ikkje være ein heilt autentisk 200 lapp, hadde faktisk vore moro dersom den var ein del større enn ein ekte. Er det nokon som veit korleis eg skal få dette til?
LOGG INN
... eller du kan registrere deg nå