+1 på Gardens of the Moon! Sjukt bra serie, og episk som fy. Handlar om eit imperium som er midt i x antall felttog på forskjellige kontinent. Sleng inn ein haug med gudar, demonar, magikarar, eldgamle udødelege rasar (ingen alvar, hobbitar eller orkar!), ein alien-gud, ein drøss sarkastiske og kyniske soldatar med alt for mykje sprengstoff, litt kontinent-utslettande magi, flygande byar og den råaste barbaren sidan Conan (Han angriper ein by i lag med to kompisar, og det er berre lett oppvarming
), og du har ein liten aning om kva dette går ut på. Det skadar heller ikkje at serien er ferdig i år (siste boka kjem til sommaren).
Thomas Covenant prøvde eg å lese, men etter 100 sider så hadde eg berre lyst til å banke opp Thomas. Då likte eg Gap-serien til samme forfattaren mykje bedre (det er scifi med fint lite humor, men ein av dei mest intenst spennande seriane eg har lest).
Edit : Forresten så har me jo nokre ypperlige norske fantasy-forfattarar og : Tor-Åge Bringsværd og Øyvind Myhre f.eks.
Sist endret av drMannevond; 4. februar 2010 kl. 19:43.