Litt oppklaring:
Det at ein har rett på ny vurdering kjem frå denne formuleringa i forskrift til opplæringslova:
Varselet skal gi eleven høve til å skaffe grunnlag for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter,
Altså. Om du ikkje møter på prøver, får ikkje læraren karaktergrunnlag, og då skal du varslast om dette. Varslet er der for å gje deg høve til å få karaktergrunnlag, noko som impliserer ny prøve.
Så ja, det er læraren sin jobb å gi høve til å få karaktergrunnlag, sjølv om du har skulka ein prøve. Om varsel er sendt, kan ein droppe dette om du skulkar på nytt.
Eg vil argumentere for at ein i dei fleste saker bør droppe å gi utsette prøver, mest uansett kva grunnen er, då mi erfaring er at presset som oppstår ved å forskyve arbeid er stort, og for dei fleste svært vanskeleg å ta att. Når ein ser nokon som systematisk skulkar prøver for å betre karakterane (og ja, mi erfaring er også at det oftast er dei som ligg i landet mellom 4-6 som er dei verste skulkarane) bør ein sette foten ned, sjølv om ein framstår som urimelig, fordi det er dette som hjelper eleven frå å ende opp i eit stressrelatert samanbrot. Det er betre å få litt kjipe karakterer, enn å miste eit år eller to til psykiatri.
Dette tyder ikkje at ein skal vere kjip og umenneskeleg, men altså at det beste ein kan gjere for ganske mange er å sette tydelege grenser og halde på dei.
Eg har ikkje forskningsbelegg for dette, men det er dette mi erfaring etter å ha jobba med feltet seier meg.