Eg har fått sporer av ein kompis og skal snart dyrka cuba-sopp (Psilocybe cubensis). Det er altså eit par månader til eg får trippa, men tankane svirrar alt no. Eg lurar på ein konkret ting:
Hender det at ein blir høglydt etter ein sterk dose fleinsopp (nivå 4 eller 5)? typ hoiing, skrik eller kraftig gråt. Eg spør fordi eg vurderer å gjera det heime i ein boligblokk, og eg vil ikkje at naboane skal koma og banka på!
Relevant bakgrunn: Eg har teke ayahuasca i totalt 10 netter, og bortsett frå kraftig hulkgråt i eit par minutt bråkte eg ikkje så veldig då — til skilnad frå ein del andre deltakarar i seremonien, som ropte, jubla eller pludra ekstatisk. Er det sannsynleg at eg vil reagera på same rolege måte på flein?
(I tilfelle du lurar, gret eg fordi eg plutseleg innsåg kven eg er utan skam. Eg har dessverre gløymt det igjen no. Men kanskje fleinsoppen kan hjelpa meg med nye oppdagingsreiser inn i og gjennom skammen.)