Du må være registrert og logget inn for å kunne legge ut innlegg på freak.no
X
LOGG INN
... eller du kan registrere deg nå
Dette nettstedet er avhengig av annonseinntekter for å holde driften og videre utvikling igang. Vi liker ikke reklame heller, men alternativene er ikke mange. Vær snill å vurder å slå av annonseblokkering, eller å abonnere på en reklamefri utgave av nettstedet.
  10 1792
Vi er fem kameratar som planlegg å setje opp ei lita steinbu. Vi har gått ein del fjellturar saman, men ynskjer eit nytt prosjekt å sysla med.

Tomta kjem til å liggje sentralt i forhold til drikkevatn, fiskevatn og toppturar, men langt i frå stigar og allmenn ferdsel. I fyrsteutkastet blir hytta 2,5m x 4m, 1,6m høg på det lågaste og 1,9m på det høgaste, med ein takvinkel på under 10°. Sjå fyrsteutkastet av arbeidsteikninga for å få ein idé om kva vi ser for oss.

http://bildr.no/thumb/1222032.jpeg

Vi kjem til å byggje med steinheller vi finn i området. Planen er å byggje ein dobbeltsidig vegg med nedtrampa jord imellom. Vi kjem til å etterisolere med husmose. Sjølvsagt kjem vi til å sanke dette over store område for ikkje å setje djupe spor i naturen.

Det lyt vere god utnytting av plass når ein berre har 10 kvadratmeter å innreie på. Ideelt sett blir det soveplassar til alle fem. Så lenge bua gir oss ly, varme og plass til enkle gjeremål som å fyre opp primus tjener ho formålet sitt.

http://bildr.no/thumb/1222031.jpeg

Måla på sengene er 180cm x 90cm, slik at vi kan liggje to i kvar. Sengane står 40cm over bakken. Det er kanskje lurt å gjere større rom under dei for lagring av diverse utstyr, mat og ved. Brisken, på 200 cm x 70 cm, tener både som bord og benk, slik at vi til saman får plass til alle fem. Pipa til peisen kjem vi til å mure opp og ut gjennom veggen. Høgresida skal ideelt sett vere inn mot ein fjellvegg, slik at peisen varmar opp veggen og vi får utnytta varmen betre. Døra er 60cm brei og kjem til å vere låg for at vi lettare held på varmen og for å gjere bygningen meir solid.

Vi er ikkje sikre på om det er lurt å setje inn vindauge, då dette fører til varmetap og svakare konstruksjon. Sjølv om bua blir relativt spartansk hadde det vore artig å gjere ho elegant. Om ein ser bort ifrå det enorme arbeidet med å finne passande stein og mure opp, er taket den største utfordringa. Ingen av oss har gjort noko liknande før og dette er vérharde strøk. Kva tykkjer du om planane så langt? Er det mogleg å setje inn eit lite vindauge? Kva materiale skal vi leggje tak med? Korleis skal vi byggje slik at taket held gjennom vinteren og kor stor skal takvinkelen vera? Vi set enorm pris på innspel!

Oppsetjinga av denne steinbua er på kant med lova. Lova seier (om nasjonalparkar) at "blant tekniske inngrep som ikke må forekommer er (...) bygninger av alle slag". Vi vil vere så varsame som det let seg gjere. Bua vil vere murt opp av stein og vi vil dekkje taket med steinheller. Området vi planlegg å byggje i er ei einaste stor steinur og bua vil gli inn i landskapet. Dyr- og fugleliv vil ikkje bli forstyrra. Steinbuene frå gammalt av vart sette opp for farande folk i fjellet. Dette er ein tradisjon vi vil føre vidare.


Magnisx, 5ivert, mranders0n, Dr.Doom og ein til
- Fjeldabene
Sist endret av Dr.Doom; 5. juli 2012 kl. 18:44.
Game disconnected
pokemon's Avatar
Jeg kan si med en gang at å sette opp ei slik bu med stein du finner i område kan fort bli en stor jobb, stabling i den høyden vil også bli en utfordring siden dere bare skal ha jord å støtte opp etter. Otta er da fult av steinbrudd? du burde kanskje gå dit å få kjøpt noe skikkelig kantstein da kvaliteten vil være mye bedre, for så å ta en skikkelig grovstøyp med betong i mellom. Skjønner at dette kan være like vanskelig hvis du må frakte steinen opp til fots. ellers er det jo et skikkelig kult prosjekt
Fjeldabe
Dr.Doom's Avatar
Trådstarter
Neify! Da forsvinn jo mykje av sjarmen. Krasafaren!

Sannsynlegvis blir det ein solid enkeltvegg. Korleis vi skal isolere er framleis eit spørsmål. Det er sant som du seier, vi må tenkje på stabilitet, vi skal jo trossalt sova der. Det er temleg langt inn dit - berre treverket vi bér inn kan by på utfordringar. Det er det som gjer det spennande!
sengene er for små, hvis ikke dere har tenkt å ligge i skje da.
Du må beise sjarken!
Det er jo alltids koselig
Game disconnected
pokemon's Avatar
sjarman kan fortsatt bli der selv om du får stein av kvalitet, naturstein er det jo uansett, tenker bare på at du skal staple nesten to meter høyt med dårlig stein det blir vanskelig, tidkrevende og ustabilt. men skjønner at du skal ha den stilen er det mye stein i område rundt bua da?
Oss skal ikkje sette opp steinbua i Otta altså, den plaseres langt ute i det ville fjell-landskapet vårt! (og der kan eg love deg at det finst mykje fin stein)
Fjeldabe
Dr.Doom's Avatar
Trådstarter
Godt poeng, og eg tvilar på at vi kan gjere bua breiare. Den enklaste måten å løyse det på er om ein ligg motsatt veg av kvarandre. Da får ein plutsleg mykje betre plass! Vi blir sikkert ikkje alle fem på alle turane heller, men om det er tilfelle skal vi da greie oss. Blir ikkje så mykje trongare enn om ein skulle sova i telt.

Vi veit ikkje eksakt kvar vi legg tomta. Satsar på å ta turen inn dit på rekognosering til helga. Da skal vil laste opp bilder! Dette er på snaufjellet der blokkhav dominerer i området. Truleg kjem vi til å ta dagsturar og to-dagarsturar inn dit for å leggje fundament og finne heller til oppmuring utover sommaren. Planen er at alle fem tek fri til haustferien, der vi brukar ei veke på å bere inn og byggje opp.
Har true i, serru!
Ser ut som et kjempeflott prosjekt! Lykke til, og pøs på med bilder! Blir aldri for mye
Sitat av JVMyhre Vis innlegg
Ser ut som et kjempeflott prosjekt! Lykke til, og pøs på med bilder! Blir aldri for mye
Vis hele sitatet...
Blir vel laget en timelapse også, men den kommer jo ikke før høsten ihvertfall