Sitat av
creavator
En av de minst overbevisende synske jeg har sett sålangt. Ble ikke imponert. Hadde han vært synsk i en viss grad så hadde han stadfestet mye mer og ikke snakket så generelt om ting. Både navn og steder.
Det er jo godt kjennetegn på synske. Dei er vage, kjem med generelle påstander og slikt.
F.eks. hekta eg meg opp i ein påstand - han såg for seg ein mann på månen, frakta dit i ein rakett. Det såg han i 1950. Vel. Det såg Robert Heinlein for seg i 1948, i boka Rocket Ship Galileo. I 1952 skreiv Werner von Braun artikkelserien Man Will Conquer Space Soon!, som såg for seg rakettar til månen. I 1929 kom filmen
Woman in the moon, med følgjande filmposter:
http://upload.wikimedia.org/wikipedia/en/thumb/b/b3/Frau_im_Mond.jpg/220px-Frau_im_Mond.jpg
Ein tiåring i 1950 som hadde ei viss interesse for teknologi treng ikkje vere veldig synsk for å sjå for seg menn frakta til månen i raketter.
Å forutsjå peak oil i 1980 var ikkje vanskeleg, med oljekrisa i 1973 friskt i minne. Men han bommer jo totalt på at oljedrevne biler vil vere forsvunne i 2000-2005.
Viare så reagerer eg på kvaliteten, og at det kan sjå ut til å vere filma med to kamera. Vanlege TV-kamera hadde vel neppe den kvaliteten som skal til for å levere 720P, og at det er filma på 35mm er vel lite truleg - all den tid det ikkje er snakk om filmproduksjon.
Så truleg fake. Du kan t.d. ta ut enkeltframes, og sjå etter den type feil du vil få litt av på film, vs. digitalt.