Sitat av
Bilen123
Er det urintest første skoledag på fhs? Eller gjør de d senere.
Datatilsynet om rustesting:
Rustesting
Nokre skular krev urinprøver for å avsløre eventuelt rusmisbruk blant elevane sine. Dersom din skule gjennomfører rustestar, kan det vere greitt å vere klar over følgjande:
Rustesting er frivillig
Rustesting er heilt frivillig og kan berre skje dersom den einskilde elev (og eventuelt føresette) gir eit eksplisitt, informert og frivillig samtykke. Det er skulen som må bevise at eleven har gitt eit slikt samtykke.
Ingen forklaringsplikt
Eleven treng ikkje grunngje kvifor han eller ho ikkje ønskjer å la seg rusteste.
Ingen konsekvensar av å seie nei
Skulen kan ikkje sanksjonere overfor elevar som eventuelt ikkje samtykker til rustesting.
Krav i personopplysingslova
Personopplysningslova stiller krav til korleis skulen behandlar resultata frå eventuelle rustestar. Mellom anna må skulen kunne gjere greie for følgjande: Kva rutinar har skulen for kva som skal oppbevarast og korleis syt ein for at det ikkje blir lagra overskotinformasjon, at testresultata ikkje blir tilgjengeleg for uvedkomande, og at resultata vert slettast når dei ikkje lenger er nødvendige
https://www.datatilsynet.no/personve...ar/#rustesting
Sist endret av Knask; 20. august 2021 kl. 18:11.
Grunn: Leif