Sitat av
Tarm
Får du forelegg er saken allerede avklart. Du kan nekte og betale men da må du sone istedet.500kr pr dag.
Meh. Nei.
Får du eit forelegg er det eit forslag til straff. Vedtar du det trer det i staden for dom, og saka er oppgjort - og du har akseptert straffeforslaget.
Avviser du forelegget har politiet to val - dei kan legge vekk saka, eller dei kan sende forelegget til tingretten, der det går istaden for tiltalebestlutning - og det vil verte rettssak av det. Du vil då verte dømt eller frikjend - og typisk kan du plusse på eit par tusen på forelegget ditt.
Viare kan du ikkje velje å sone. Bøter er tvangsgrunnlag, og namsmannen kan selje bilen din eller trekke deg i lønn for å inndrive bøter. Bøtesoning er i praksis kun aktuelt om du er varig ute av stand til å betale.