Hei
I seinare tider har eg fått veldig lyst til å reise ein tur til Nord Korea. Eg veit det kan høyrest merkeleg ut, men det er då opp til meg sjølv. Eg er sikker på det hadde vore ei spesiell oppleving, kanskje noko som hadde følgt meg livet ut.
Ein kamerat av meg fann denne sida :
http://www.lupinetravel.co.uk/north-...and-tours.html
Eg synst det verkar veldig spennande.
Problemet er sjølvsagt den ustabile situasjonen der borte etter Kim Jong-Ils død.
Eg høyrde om nokre som hadde vore der. Eg blei fortald dette av ein kamerat som hadde lese ein stad på nettet :
«Det var folk som dansa for oss rundt i gatene, alle var vennlege, glade og gjestfrie, nesten litt skummelt med tanke på kor elendig folket der borte har det. All turisme er strengt overvåka av regimet. Dei vil framstå som det beste landet i verda gjennom intelligentslaus propaganda.»
Det eg lurer på i hovudsak er om det er nokon her som veit korleis det hadde vore å vere "nordmann i Nord-Korea". Kanskje det er nokon her som faktisk har vore der?
Eg er interessert i alt dykk har å seia. Turen er førebels berre ein ide, og ikkje bestemt.