Sitat av
GreenRay
Noen som har ett tips til keylogger da? Er ganske ny innen dette temaet :P
Kan dessverre ikkje svare på spørsmålet ditt, men eg må berre seie følgande :
Du vil altså hacke deg inn på pc'en til ein lærar for å finne svara på ein prøve du skal ha, altså så planlegger du å jukse på prøven. Då får me følgande :
1. Datainnbrudd
2. Juks på prøve
Konsekvens om du blir tatt : Eit sant helvete som vil bli værande på rullebladet ditt (om du er gammal nok til å ha rulleblad) for alltid.
Om du blir tatt for dette vil du f.eks. sannsynlegvis aldri kunne reise til USA, jobbe med ungdom, helse, politi eller skule eller noko som helst anna der du må ha vandelsattest (og det begynner å bli ganske mykje etter kvart).
Så for å oppsummere : Det er
alltid lurt å sjekke "worst case" konsekvensane
før du gjer noko slikt, og det er alltid lurt å vege desse konsekvensane opp i mot det du prøver å "vinne".
Ja, og det eg egentlig ville seie : Er dette så lurt når du sjøl seier at du ikkje veit kva du driv med? Sjansane for å bli tatt eller legge at spor er vel ganske store då? Men lykke til på prøven uansett korleis du planlegger å besvare den