View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Hugs at spenninger er relative. Du definerer noko som eit nullpunkt, og måler alt ut frå det. Du kan flytte nullpunktet akkurat slik du vil, og det har inga betydning.

Om du legg saman eit AC-signal og ei DC-spenning vil du få eit AC-signal overlagra på DC-spenninga, som ikkje svinger rundt null-aksen, men om DC-spenninga di. Men du står utan viare fritt til å redefinere nullpunktet ditt som DC-spenninga.

Det er teknisk sett ingen grunn til å bruke t.d. +5V og 0V som referanser i digitalteknikk. 0V og -5V er akkurat like gyldig. Det er kun konvensjoner.