View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av TroNnY Vis innlegg
Nå er det valget like rundt hjørnet, og da dette er et svært viktig tema for samboer, er spørsmålet. Bør man stemme på et parti som har fokus på velferd og eldreomsorg i det kommunale, eller bør man gå for et parti som er for privatisering?
Vis hele sitatet...
Det enkle spørsmålet er korleis det kan drivast billegare. Det er tre tenkjelege svar:
  • Lågare lønn til tilsette
  • Færre sjukepleiarar/faglærte
  • Færre tilsette
  • Dårlegare bygningsmasse

Det er ca. dei variablane som er å spele på i eldreomsorga. Det er timeintensivt, foreløpig svært vanskeleg å automatisere mykje av det, og nivået på personleg oppfølging er stortsett gitt av kor mange hender som er på jobb.

I Oslo har vi sett at privatisering i praksis fører til lågare løn. Det er i utgangspunktet ei yrkesgruppe med relativt låge lønninger, og mykje uønska deltid. Er det då rett å presse dei meir på lønn?

I tillegg går stortsett private inn i det med eit profittmotiv; dei skal hente ut eit overskot. Det profittmotivet har ikkje det offentlege. Som aksjonær ville eg forventa avkastning som var bedre enn inflasjonen, ergo minst 2-3% i året. Så berre der er ein ekstrakost for samfunnet.

For meg er svaret opplagt nei til privatisering. Det er ingen grunn til at private skal få til å drive billegare, utan at det får konsekvensar for enten dei eldre, dei tilsette, eller begge gruppene.