Tråd: Aper
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Anonym bruker Vis innlegg
Det sies at vi stammer fra apene, men det fins fortsatt aper. Vil det si at apene som fins nå, kan utvikle en ny menneskerase?
Vis hele sitatet...
Eit godt utgangspunkt er å forstå evolusjon. Evolusjon opererer, i grove trekk, med to mekanismer: seleksjon og mutasjon. Seleksjon går ut på at den som er best tilpassa har betre sjans for å viareføre genene sine. Giraffen som har litt lenger hals enn andre giraffer har større sjans for å få viareført genene sine. Bakterien som tåler uttørking litt betre enn andre bakterier har større odds for å spre genene sine.

Mutasjon går på tilfeldige endringer i genene til ein organisme. Stortsett utgjer dei ingen eller negativ skilnad for overlevingsrata, men seleksjonen fjerner dårlige gener rimeleg kjapt og effektivt. Positive mutasjoner vil derimot spre seg i populasjonen (gruppa av individ som parer seg med kvarandre).

Om du har to ulike grupper i ein populasjon som brått vert splitta, t.d. på grunn av ei elv, så vil dei utvikle seg uavhengig av kvarandre, og til slutt, på grunn av mengda akkumulerte mutasjoner, ikkje vere i stand til å parre seg med kvarandre. Då har det oppstått ein ny art. Geografisk isolasjon er eit døme; artsdanning kan skje på mange vis, og kan vere detaljer som seinare får store konsekvenser for artane.

Viare så stammer ikkje menneske frå nokon av dei nolevande apene. Vi har felles stammødre med dei nolevande apene. Går du eit stykke bakover i tid, treff du på stammora til alle mennesker og alle nolevande aper. Kor langt tilbake i tid, kjem litt an på kva aper du ser på.

Evolusjon har heller ikkje noko mål eller meining; det er ein blind prosess, der det som fungerer vert avla på, og det som ikkje fungerer døyr ut. Det er ikkje slik at mennesker (eller intelligens) oppstå. Om du ser på tidslinje for jorda, så har det vore liv på jorda i 4.28 milliarder år. Liv oppsto altså eit par hundre millioner år etter at jorda var danna. I 2.8 milliarder år var eincella organismer totalt einerådande. For usle 320 millioner år sidan splitta pattedyra seg frå reptila. Og for inntil 130 millioner år sidan fanst det ikkje blomstrande planter...

Går du endå lenger tilbake, så er alt livet på jorda i slekt. Vi har felles opphav.

Om temaet interesserer deg har Tunstad skreve ei utmerka bok, Evolusjon - basert på en sann historie. Du har og klassikarane på området, som The Blind Watchmaker og Climbing mount Improbable, av Richard Dawkins.
Sist endret av vidarlo; 28. april 2017 kl. 20:11.