View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Mine erfaringar etter å ha installert GNU/Linux på mange ulike maskiner dei siste åra:

Merket i seg sjølv er ikkje det viktigaste. Det er rett nok viktig når det er snakk om byggkvalitet, men sett bort frå sette er dei fleste laptopane sett saman av meir eller mindre dei same komponentane frå Intel, AMD, Nvidia, o.l.

Det ein bør fokusere på er kva komponentar som fungerer bra og ikkje.

Det eg veit er at Intel CPU, Intel GPU og Intel Wifi er det tryggaste valet. Alt anna kan fungere heilt fint.

Finn difor eit merke med god byggkvalitet med kun delar frå Intel.

Laptopen min kjøpte eg frå Multicom - ikkje verdas beste byggkvalitet, men OK. Alt fungerte ut av boksen med Debian Wheezy, og den går som ei kule.