Tråd: Pride/FRI
View Single Post
The confused cyborg
Han-Tyumi's Avatar
22
Kven som helst kan ikkje erklære seg kvinne og delta i kvinners klasser i OL. Ein må blant anna ha gått på testosteronblokkerar i ei viss periode før ein får delta.
Reglane blei endra for å inkludere transpersonar i 2015 og Laurel Hubbard som du nemner blir i år den første transkvinna som deltar i vektløfting i OL. Dette tyder vel på at det ikkje akkurat er lett å fylle kriteria.

Om me samanliknar den beste totalscoren hennar (285) med totalscorane til kvinnelege OL utøvarar frå dei introduserte kvinneleg vektløfting i år 2000 til i dag (2000/ 2004/2008/2012/2016) ville ho ikkje ha komme i nærleiken av å ta gull. Det beste resultatet ho hadde hat moglegheita til å få var sølv i 2008, men ho ville framleis ha tapt med 41 poeng(eg er ingen ekspert på vektløft, men ut ifrå dei poengtavlene eg såg på, ser det ut til å vere ganske mykje).
Ho er heller ikkje i nærleiken av å slå verdsrekorden, noko som det høyers ut som du meiner bør vere lett for ei transkvinne.