View Single Post
Sturle Sunde Skriver i kommentar til dette avisoppslaget:
http://nrkbeta.no/2013/04/26/bitcoin...rdensvalutaen/

Eg oppdaga Bitcoin hausten 2010 og har vore med på eventyret sidan:

Den store styrken til Bitcoin er at han er heilt utanfor politisk kontroll og sensur. Han er heller ikkje basert på gjeld, slik tradisjonelle pengar er, og ein er ikkje avhengig av nokon tredjepart for å sende pengar kvar som helst i verda. Ingen kan øve politisk press mot bitcoin for å hindre overføring til Wikileaks. Ingen politiske vedtak kan hindre meg å sende bitcoin til ein bonde i Iran. Ingen kan ta frå meg sparepengane eg har i bitcoin. Den lommeboka er kryptert og ligg lagra fysisk tre ulike stadar i verda, ikkje på nett. Skulle vere trygt for både brann, tjuveri og naturkatastrofer. Dei er ikkje avhengige av at andre betalar gjelda si, slik pengar i banken er. Bitcoin har unike eigenskapar både som betalingsmiddel og lager for verdiar.

Til dei som heevdar at Bitcoin ikkje er regulert: Det stemmer ikkje. Bitcoin er i aller høgste grad regulert. Skilnaden er at Bitcoin er regulert av matematikk, medan gammaldagse pengar er regulert av politikarar, økonomar og juristar. Eg stolar på matematikk.

I 2010 kunne den vanlege bitcoin-klienten fint grave fram eit fleire blokker på 50 bitcoin i veka. Eg var veldig nøgd etter å ha selt mine første 1200 bitcoin for 500 kroner den hausten 2010. Eg er ikkje like glad for det no lenger.. Men bitcoin kjem ikkje til å få nokon verdi utan at folk får tak i dei og dei vert brukt. Difor har eg kjøpt og selt bitcoin for norske kroner sidan, men prøver no å kjøpe inn like mykje som eg sel, slik at eg og får glede av kursstigninga.

I det siste har vi sett ein eksplosjon i interessa for bitcoin. Somme hevdar at det kom av bank-krisa på Kypros, men det kan ikkje stemme. Det kom før. Eg som handlar mykje med bitcoin merka ei voldsom interesse etter at USA gjorde det ulovleg å overføre pengar til selskap som driv med pengespel på internett. Overføring av bitcoin er framleis lov, for det er ikkje pengar etter lova, og dermed gjekk nett-spel over til å ta imot bitcoin som betaling. Då er det heller ikkje rart at PayPal og andre tradisjonelle betalingsformidlarar interesserer seg for bitcoin. Dei kan komme rundt mange politiske hindringar på den måten, og ikkje minst kan dei flytte bitcoin mykje fortare enn det tradisjonelle banksystemet kan flytte gammaldagse pengar.

Litt off topic:
- Jeg har selv kjøpt bitcoin av Sturle på IRC, www.bitmynt.no

- Fordi som synes IRC er vanskelig eller vil gjøre det kjappere så har flere god erfaring ved å
kjøpe bitcoins av Corsair på Localbitcoins/ Sturle Selger der også:

- https://localbitcoins.com/ad/33329/p...-norway-norway