View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Republikk seier litt om kven som er statsoverhovude i eit land.

Demokrati vil sei at dei er folkestyre. Noreg er for alle praktiske formål eit demokrati, men ikkje ein republikk, ettersom vi har eit kongehus, der tittelen som statsoverhovude går i arv, og ikkje er valt.

I praksis er svært mange monarki nær fullkomne demokrati, der kongehuset utgjer ei sermoniell rolle, utan reell innflytelse. T.d. Noreg, Sverige, Danmark, England, Nederland også viare. Her er monarken formelt sett statsoverhovud, men har inga reell makt. Dei må danse etter parlamentet si pipe, og forsøk på noko anna vil rimeleg fort føre til konstitusjonell krise.

I motsatt ende har du land som Kviterussland, som er republikk, der du har ei totalitær statsmakt med ein president som reelt sett ikkje er demokratisk valt. Du har og demokratiske republikker, som Island og Tyskland, der dei har reelt demokrati, og presidenten er valt av folket. Det er ikkje nødvendigvis gitt at presidenten har reell makt. I atter andre land (USA) har presidenten svært stor reell makt.

Så kort sagt er republikk eit adjektiv land utan monarki ofte likar å kalle seg, utan at det har stor praktisk betydning. Det er på ingen måte avgjerande for om landet er demokratisk eller ikkje. I så måte kan ein jo nemne den Demokratiske Folkerepublikken Korea... Eller Nord-Korea som det er vanleg å omtale det som.