View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Med fare for å framstå som arrogant: kvifor prøver du ikkje?

Programmering handler i veldig stor grad om å ... løyse problemer. Grunnen til at det stortsett er godt betalte jobber er at løysinga ikkje alltid er opplagt, og at ein må tenke ut løysinga sjølv. Men: det å loope gjennom eit array med ei for-løkke er jo grunnleggjande? Det er basiskunnskap. Ettersom du skriver python; har du gått gjennom t.d. Dive Into Python eller tilsvarande grunnleggjande opplæring i språket?

Og med å prøve, så tenker eg at det er lurt å skrive eit utgangspunkt for korleis du trur du bør loope gjennom. Start utkastet ditt i debuggeren, slik at du kan sjå kva dei ulike variablane er når du køyrer gjennom programmet. Då bør du rimeleg fort sjå eit mønster som gjer at du kan korrigere utgangspunktet ditt slik at det stemmer med terrenget.
Sist endret av vidarlo; 20. juni 2022 kl. 00:49. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.