View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det som er verdt å nevne i tillegg er at USA har hatt noko liknande dette i lang tid.

Før 11. september 2001 hadde USA data på at dei som gjennomførte terroraksjonen hadde knytninger mot Al Qaeda. Dei hadde informasjon om at dei var i USA. Dei hadde informasjon om at dei tok flytrening. Fleire av kaprerane hadde kjempa med bosniske islamister. Amerikansk etteretning kjente til at det var planer om angrep.

Kort sagt hadde USA alle puslespelsbitane. Men dei var ikkje klar over kva puslespel dei tilhøyrte, og dei hadde brikker til ein milliard puslespel usortert. Det er mildt sagt vanskeleg å trekke konklusjoner ut frå eit så stort materiale - delvis fordi sjølv ein svært eksakt måte vil produsere enorme mengder falske positive. Etteretningsinformasjonen dei hadde hjalp dei ikkje med å forhindre angrepet; den var ikkje målretta. Det var vilkårleg innsamling.

I etterkant gjorde den det derimot svært enkelt å peike på ansvarlege for kapringa (Al Qaeda), straks ein kjente navna på kaprerane. Då kunne dei søke i materialet dei hadde, og finne forbindelser.