View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Fuktighet og temperatur har relativt lite å sei. Cellene er hermetisk lukka, og fuktighet vil ikkje trenge inn i cellene. Kondens på busbarer er uproblematisk ift. batterisikkerhet; i verste fall vil det auke sjølvutladinga litt.

Viare er låg temperatur gunstig for dei fleste lithiumceller. Så lenge du held dei unna solsteiken har dei det antakeleg betre utandørs enn innandørs. 30°C, som er ca. det maksimale du får av temperatur ute, er ikkje dramatisk høg temperatur for lithiumceller.

Så kort sagt: kan du lade det utandørs slik at ein brann ikkje vil få konsekvenser ser eg ingen grunn til å ikkje gjere det.