View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Du er klar over at tilfluktsromma er i bruk til anna verksemd store delar av tida, og at dei generelt sett ikkje er tilgjengelege på svært kort varsel (timer), men derimot dager? Og at verdien ved t.d. terror i praksis er lik null, fordi terror er enkeltangrep - ingen terrororganisasjoner har kapasitet til langvarige angrep. Dei kan hjelpe ved krig, t.d. luftangrep, men det er ingen akutt risiko for luftangrep mot Noreg.

Om Noreg skulle havne i ein krigssituasjon vil nok romma verte aktiverte og informasjon vil verte tilgjengeleg. Så eg ser ikkje heilt for meg bruksområdet for nettsida di. Tvert imot - t.d. Sydnestunnellen, som er eit av dei store tilfluktsromma i Bergen, er til vanleg ein mørk, trang og tett traffikert busstunnell. Å oppsøke den spontant framstår som ytterst helseskadeleg...

I tillegg er jo dekninga komisk:


I følgje ein artikkel i BA er det 25 offentlege tilfluktsrom i Bergen, og mange private. Du lister altså opp eitt - i Industrihuset. Det er i Noregs nest største by - det er så dårleg dekning at det i praksis er verdilaust.

Totalt ser det ut til at du lister 316 tilfluktsrom. Ifølgje dinside er det 25000 aktive tilfluktsrom - dei fleste rett nok private, t.d. i ei blokk, men like fullt tilfluktsrom. Når du har så elendig dekning som det du har, risikerer du å få folk - om dei stolar på tenesta di i ein krisesituasjon - til å utsettje seg for fare, ved å ikkje oppsøke næraste tilfluktsrom. Du påstår følgjande:

Data er oppdatert til dags dato og blir jevnlig oppdatert ved endring av tilfluktsrom.
Vis hele sitatet...
Det framstår som blank løgn, gitt at du mangler 98.7% av alle tilfluktsrom i Noreg.

Visning av alle fungerer i praksis ikkje heller, fordi du gjer det på feil måte (du forsøker å hente 316 kartobjekter fra google ser det ut til).

Datasettet har du fått frå denne lokasjonen. Kanskje du burde lest lisensen for datasettet du bruker? T.d. er det krav at du angir lisensvilkåret (NLOD)...

Så du skal ha for forsøket, men gjennomføringa står på alle måter til soleklart stryk.
Sist endret av vidarlo; 12. juli 2018 kl. 18:24.