View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Eg har lest igjennom dommen i bygdepost-saka ettersom eg kjeda meg i ferien.

Det som er åpenbart, er at framstillinga til Hiåsen i rapporten han har skreve er gal. Dommen er neppe spesielt kontroversiell, og Dag Hiåsen er nok ekstremt sterkt medvirkande til at redaktøren fekk sparken, gjennom å opptre som prosessfullmektig for vedkommande. I eit prosesskriv om ei oppseiing av ein redaktør, greier Hiåsen å vase inn eigne tvangsinnleggjingar i psykiatrien, menneskerettsdeklarasjon m.m.

Retten konkluderte med at redaktøren hadde latt seg påverke utilbørleg av Hiåsen, og neppe hadde den sjølvstendigheit ein redaksjon burde ha lenger. Ved å la Hiåsen vere prosessfullmektig underbygde redaktøren det synspunktet.

Kort sagt finst det ingen grunn i verden til å ta Hiåsen eller fampo seriøst. Det er i beste fall ekstremt einsidig framstilt, men eg haller mot at store delar av det i tillegg er fri fantasi. Det er ingenting som tyder på at nokon forsøkte å kneble redaktøren i bygdepostsaka; det var bare det at det ho skreiv stemte ikkje, og var utanfor profilen avisa skulle ha.

I motsetning til Folkvord utgjer ikkje Hiåsen & co ein trussel for det etablerte. Avsløringane han og fampo kjem med er ikkje avsløringer; det er makkverk utan rot i realitetane. I motsetning til Folkvord, som kun er femten år for seint ute, men i det minste ser ut til å ha rimeleg rett i mange av sine påstandar.

Viare så kan det leggjast til at det ikkje er ny informasjon for Erik Strand eg kjem med her. Det vart påpeikt for omlag tre år sidan, på skepsis.no, utan at Erik Strand eller Fampo ser ut til å ha tatt det innover seg i nevneverdig grad. Det samme materialet vert lagt fram på nytt, i eit nytt forum, utan å reflektere over den svært saklege kritikken som kom i ved forrige korsveg.

Så eg håpar at Erik Strand tek seg tid til å svare på innvendingene som har komt, men eg er redd det vert metadiskusjon, eller stillhet frå den kanten. For misjonering ser ut til å vere viktigare enn diskusjon.
Sist endret av vidarlo; 1. juli 2015 kl. 19:05.