View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det er mange problemer her. For det første er rapporten eit makkverk av påstander. Den er einsidig skreven, og ikkje kvalitetssikra av eksterne. Det er lite dokumentasjon av at hendelsesforløpet er slik som påstått, og eventuelt alternative forklaringer er ikkje undersøkt. Rapporten tar kun for seg eit syn; nemleg at det har foregått korrupsjon. Det er eit gammalt ordtak som seier Never attribute to malice what can be sufficiently explained by incompetence. Mange småaviser er ikkje profesjonelle, og feil kan skje.

Rapporten har ingen kjeldehenvisninger, den har relativt lite informasjon om kor påstandane kjem frå, og dokumenterer i realiteten ingenting. Den er verdilaus slik den ligg i dag. I tillegg framstår det som om den er skreven med ein agenda i bakhovudet: det skal ha foregått noko korrupt. Det er ikkje innhenta tilsvar frå involverte aktører, og det er ikkje ein gong henvist til saksnummer for domstolsbehandlinga som er påstått!

Så alt i alt : det kan tenkast at du har rett, men det du lenker til underbygger på ingen måte påstandane dine på ein truverdig måte. Eg synst ikkje det er spesielt oppsiktsvekkjande eller alvorleg at ei avis vel å ikkje ta inn eit innlegg basert på den konstruksjonen.

Edit: etter å ha lest litt om Dag Hiåsen så verkar fyren rablande gal, så eg trekkjer tilbake påstanden min om at det kan tenkast at du har rett. Fyren greide eigenhendig å tape saka i Bygdeposten-oppseiinga. Kva Herman Berge angår så er han rablande gal: http://www.nyhetsspeilet.no/2009/12/...et-journalist/ er eit godt døme...

Kort sagt er påstandane dine verdilause, all den tid dei ikkje er underbygd.
Sist endret av vidarlo; 30. juni 2015 kl. 14:03.